JU6-404 Jus for offentleg leiing
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Emnet skal gje studentane moglegheit til å forstå korleis forvaltningsretten sine rettsreglar legg rammer for styring og leiing i offentlege verksemder. I tillegg skal studentane ha eit oversyn over korleis ein løyser praktisk juridiske problemstillingar.
Læringsutbytte
Etter avslutta emne skal studenten ha følgjande kunnskapar, ferdighetar og kompetanse
Kunnskap
- Kjenne til dei viktigaste reglane for sakshandsaming innan offentlege verksemder i forvaltningsretten, og særleg innan helse- og velferdssektor og skulesektor.
- Kjenne internkontroll som metode
Ferdighet
- Kunne foreta forsvarleg sakshandsaming i høve sitt praktiske arbeidsområde i sektoren
- Som leiar ved delegering kunne leie andre i sakhandsaming
Generell kompetanse
- Ha grunnleggande forståing av rettssystemet generelt og rettsreglane i høve eige fagområde spesielt.
Krav til forkunnskapar
Sjå generelle opptakskrav i studieplanen
Undervisnings- og læringsformer
Forelesingar, øvingsoppgåver (sjå arbeidskrav) og sjølvstudium.
Obligatorisk læringsaktivitet
Arbeidskrav nr. 4: To praktisk oppgåver med individuell tilbakemelding.
Eit arbeidskrav er gyldig påfølgande 4 semester. Ut over dette må studenten søkje spesielt om godkjenning.
Vurderingsform
Heimeeksamen, individuell - 8 dagar. Praktisk oppgåve. Omfang inntil 3500 ord.
Formelle krav til innleveringa vert gjort kjende ved utdeling av oppgåvene.
Bokstavkarakter A - F
Ved stryk kan studenten ta opp igjen eksamen det påfølgjande semesteret.
Hjelpemiddel ved eksamen
Heimeeksamen - kan bruke tilgjengelege hjelpemiddel
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- JU6-404 - Jus for offentleg leiing - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
- JU6-400 - Økonomi og jus i helse- og sosialsektoren - Reduksjon: 3,5 studiepoeng
- JU6-402 - Jus i helse- og velferdssektoren - Reduksjon: 5 studiepoeng
- JU6-403 - Jus i utdanningssektoren - Reduksjon: 5 studiepoeng