LU2-KRO130 Idrett/Kroppsøving 1 5. - 10. trinn
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhold og oppbygning
Emnet er ei innføring i det å vera lærar i kroppsøving på steg 5-10 i grunnskulen.
Emnet tek utgangspunkt i kroppsøving som eit allmenndannande fag med særleg ansvar for allsidig kroppsleg utvikling, oppleving og læring. Sentralt ligg utvikling av undervisningskompetanse i bevegelsesaktivitetar som idrett, friluftsliv, leik og dans, samt tidsaktuelle og tradisjonelle bevegelsesformer i barne- og ungdomskultur. Opplæringa skjer gjennom ei praktisk orientert fagdidaktisk tilnærming.
Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.
Emnet tek sikte på at studentane får auka praktisk-pedagogiske kompetanse, og ein sjølvstendig og fagleg refleksjon over undervising og læring i faget.
Emnet er sett saman med bidrag frå ulike område med tanke på å styrke studentane sin faglege og fagdidaktiske forståing. Sentralt står faglege aspekt som vurdering, medborgarskap, kunnskap om kroppen, trening og kroppsleg læring.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
har kunnskap om læreplanen i kroppsøving, fagets eigenart og legitimering, og om korleis faget heng saman med andre skulefag
har kunnskap om å planlegge, -gjennomføre og vurdere undervising i kroppsøving
har kunnskap om friluftsliv, leik, dans, idrett og tidsaktuelle bevegelsesaktivitetar i barne- og ungdomskultur
har kunnskap om føresetnader for læring på bakgrunn av vekst og utvikling hos eleven
har kunnskap om vurdering og dokumentasjon av læring i kroppsøving
har kunnskap om omgrepet fair play og respekt for andre i samband med kroppsøving
har kunnskap om bevegelsesmiljø, trening og treningsprinsipp eigna for elevar
har kunnskap om kroppen og kroppen i bevegelse, spesielt med tanke på læring av bevegelsesaktivitetar
Ferdigheiter
Studenten
kan, ut frå lovverk, gjeldande læreplan og profesjonsetiske retningslinjer, planlegga, gjennomføra og vurdere undervising i kroppsøving
kan bruka eigne ferdigheiter og kunnskapar innan leik, friluftsliv, dans, idrett og andre bevegelsesaktivitetar, og gjera seg nytte av dette i undervisning i kroppsøving
kan utforska eigne kroppslege uttrykk og leie skapande prosessar kor refleksjon og erfaring med bevegelsar er sentralt
kan ivareta HMS for elevane i ulike aktivitetar og bevegelsesmiljø
kan planlegga og gje grunnleggande symjeopplæring, utføre livreddande førstehjelp og praktisere trygg ferdsel i, ved og på vatn
kan vurdera ulike fagdidaktiske problemstillingar knytt til eigen lærarkompetanse, undervising og læring i kroppsøving
kan nytte kunnskap i faget med formål å inkludera alle elevane i kroppsøving
kan vidareutvikle eigne ferdigheiter og kunnskapar innan ulike bevegelsesaktivitetar, og gjera seg nytta av dette i undervisning i kroppsøving
kan arbeida tverrfagleg med utgangspunkt i kroppsøving
Generell kompetanse
Studenten
kan drøfta kva som er kroppsøving sitt bidrag til allmenndanninga til elevane
kan planlegge og formidle sentrale teoriar og problemstillingar i kroppsøving, og bidra til utvikling av god praksis
kan arbeida med mangfald og ulikskap i kroppsøving og reflektera over fagets innhald og rolle i ein fleirkulturell skule
Krav til forkunnskaper
Ingen.
Anbefalte forkunnskaper
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Studenten møter varierte og yrkesrelevante arbeids- og læringsformer i emnet. Det vil vere førelesingar, praktiske timar, eigenaktivitet og forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleikar.
Obligatorisk læringsaktivitet
¿
80 % frammøte til undervisning
100% på turar/ekskursjonar
Delta på turar/ekskursjonar (forventa kostnad, sjå semesterplan)
Praktisk-metodiske undervisingsoppgåver
Friluftsliv med overnatting
Skriftleg innlevering på bakgrunn av gitt oppgåve
Observasjon knytt til føresetnadar hos elevar og tilpassa opplæring
Semesterplanen vil gi retningslinjer for arbeidskrava. I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav.
Vurderingsform
Prosjekt 25%. Semesterplanen vil gi nærare retningslinjer for gjennomføring av prosjektet. Tid for innlevering av prosjektet vert opplyst på Studentweb og digitalt eksamenssystem.
Praktisk-metodisk deleksamen 25%.
Individuell skriftleg skuleeksamen, 5 timar. Tel 50% av vurderinga
Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.
Hjelpemidler ved eksamen
Ingen
Mer om hjelpemidler