LU2-KRO230 Idrett/kroppsøving 2 5-10
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhold og oppbygning
Emnet er ei innføring i det å vere lærar i kroppsøving på trinn 5-10 i grunnskolen, og må sjåast i samanheng med LU2-KRO130.
Sentralt står vidare utvikling av undervisningskompetansen knytt til variert bevegelseslæring og varierte kroppslige erfaringar. I tillegg til å kunne leggje til rette for aktuelle bevegelsesaktivitetar skal ein no i større grad kunne tilpassa undervisninga til den enkelte elev sine føresetnader, samt i større grad kunne vurdera elevenes læring og utvikling i kroppsøvingsfaget og kunne gje læringsfremjande tilbakemeldingar. Opplæringa skjer gjennom ei praktisk orientert fagdidaktisk tilnærming.
Emnet tek sikte på å utdjupa kunnskap om og forståing av kroppsøving, og inneheld ei innføring i metodisk vitskapleg arbeid.
Sentralt står korleis ein som kroppsøvingslærar kan bidra til fagleg utvikling og nyttegjere seg kunnskap frå norsk og internasjonal forsking i arbeid med eiga lærarrolle og profesjonsutvikling. Innføring i og praktisk erfaring med forsking og utviklingsarbeid relatert til kroppsøving og lærarkompetanse pregar difor oppbygginga av emnet.
Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Studenten
har kunnskap om tilpassa opplæring i regelverk og på bakgrunn av eleven sin vekst og utvikling
har kunnskap om vurdering i kroppsøving
har kunnskap om kva som kan fremje bevegelsesglede for elevar på steg 5-10
har kritisk kunnskap om kroppen som uttrykk og symbol i samfunn, media og kultur
har kunnskap om forsking, forskingsbasering og kunnskapsproduksjon i kroppsøving
har kunnskap om kroppsøving og kroppsleg læring i tverrfagleg perspektiv
Ferdigheiter
Studenten
kan leggje til rette for læringsarbeid som fremjar glede i leik og varierte bevegelsesaktivitetar, på ulike arenaer og i nærmiljøet
kan gjennomføra skapande undervising der bevegelseserfaring, glede og refleksjon er sentralt
kan vurdera elevens kroppslege læring og føresetnader som grunnlag for tilpassa opplæring og læringsfremjande tilbakemeldingar
kan vurdera elevens måloppnåing, planlegga og grunngje vurderingane og leggje til rette for elevens eigenvurdering
kan på fagets premissar inkludere dei grunnleggjande ferdigheitene i undervisinga
kan utvikla eigne ferdigheiter og kunnskaper innan leik, friluftsliv, dans, idrett og andre bevegelsesaktivitetar, og gjera seg nytta av dette i undervising i kroppsøving
kan formulere fagdidaktiske problemstillingar og bruke relevant teori og forsking med sikte på å betre undervisning og læring i kroppsøving
kan gjennomføra utviklingsarbeid knytt til lærarkompetanse i kroppsøving
kan vidareutvikla eigne ferdigheiter og kunnskapar innafor område som leik, idretts- og bevegelsesaktivitetar, dans og nærfriluftsliv med tanke på undervising i kroppsøving
kan kritisk vurdere ulike aktivitetar og arbeidsmåtar med tanke på undervising og læring i kroppsøving
Generell kompetanse
Studenten
kan kommunisera med elevar, føresette og kollegaer om kroppsøvingsfaget
kan bidra til å sjå kroppsøving og bevegelsesaktivitet i tverrfagleg perspektiv
kan bidra til nytenking og innovasjon i faget kroppsøving og fysisk aktivitet i skulen meir generelt
kan bidra til profesjons- og skuleutvikling med utgangspunkt i kroppsøving
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
LU2-KRO130
Undervisnings- og læringsformer
Studenten møter varierte og profesjonsretta arbeids- og læringsformer i emnet. Det vil være førelesingar, praktiske øktar, eigenaktivitet og forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleiker.
Obligatorisk læringsaktivitet
80 % frammøte til undervisning
100% på turar/ekskursjonar
lta på turar/ekskursjonar (forventa kostnad, sjå semesterplan)
Akademisk lesing: Studentane presenterer ein fagleg artikkel på eit seminar
Demonstrasjon av eit undervisningsopplegg der det blir brukt digitale verktøy (individuelt eller i gruppe). Gjennomføring i praksisperioden og erfaringsdeling på profesjonsdag.
Framdriftsseminar med presentasjon knytt til FoU-oppgåva
Friluftsliv med overnatting
Godkjent arbeidskrav er gyldig så lenge studenten har eksamensrett
Semesterplanen vil gi retningslinjer for arbeidskrava. I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav
Vurderingsform
Ein praktisk-metodisk eksamen der studenten skal planlegga, gjennomføra og deretter reflektera over eit undervisingsopplegg tel 25%.
FoU-oppgåve (7,5 studiepoeng) tel 25%
Praktisk-munnleg: Ein praktisk-metodisk eksamen med munnleg der studenten planlegg og gjennomfører eit undervisingsopplegg som inkluderer refleksjon over inkludering og tilpassa opplæring. Tel 50%
For at emnet skal vere godkjent må alle eksamenar vere vurdert til bestått karakter.
Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.
Hjelpemidler ved eksamen
Ingen
Mer om hjelpemidler