MAS3-301 Vitskapsteori og metode
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Emnet består av tre ulike komponentar.
- Vitskapsteori og design: Emnet inneheld eit kurs i vitskapsteori og design. Kurset skal formidle kunnskap om rekkjevidda til ulike filosofiske spørsmål som er viktige for vitskapleg arbeid, og utvikle eit repertoar for å møte ulike typar problemstillingar. Dette vert realtert til arbeid med å utvikle innsikt i ulike forskingsdesign.
- Metodologi og metode: Emnet inneheld ei oversikt over korleis ulike problemstillingar krev ulik metodologi. I denne gjennomgangen blir det lagt vekt på å få fram kunnskap om kva dei ulike vitskapelege metodologiane har felles. Emnet vektlegg innføring i kvantitative og kvalitative tilnærmingar og metodar i forsking, både teoretisk og praktisk.
- Oppgåveseminar: Saman med undervisning i metode- og vitskapsteori vert det arrangert ei rekkje med masteroppgåveseminar der studentane skal legge fram og delta i drøftinga av eige og andre sine skisser til masteroppgåve. Studentane skal også lære å lese og analysere vitskaplege artiklar og reflektere over korleis truverdet blir skapt i vitskapleg arbeid. Seminaret er med og dannar grunnlag for prosjektplan for masteroppgåva.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om vitskaplege teoriar og metodar i det pedagogiske fagfeltet
- har inngåande kunnskap om sentrale diskursar og tilnærmingsmåtar i vitskapsfilosofien
Ferdigheiter
Studenten
- kan vurdere grunnleggande forskingsetiske problem i system- og individretta studiar
- kan kritisk vurdere og drøfte ulike vitskapsteoretiske retningar og syn
- kan analysere og vurdere relevans i vitskaplege artiklar
- kan utarbeide og grunngje design for eit forskingsprosjekt
- kan presentere og utvikle metodiske tilnærmingar på bakgrunn av tilbakemeldingar frå medstudentar og faglærarar
- kan bruke ulike kvantitative og kvalitative analyseverktøy, som til dømes statistikkprogramvare, tekstanalysemetodar, intervju og observasjon
Generell kompetanse
Studenten
- skal ha evne til å analysere og drøfte vitskapsteoretiske og etiske perspektiv på forsking og vitskap
- skal ha evne til å grunngje ulike metodiske val og tilnærmingar til forsking, og kunne delta i den vitskaplege diskursen innafor sitt fagfelt
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Undervisninga varierer mellom formidling av fagstoff og sentrale perspektiv i studiet, drøftingar av problemstillingar og case, og framlegg frå studentar og responsgrupper. Aktiv deltaking er ein føresetnad for læring i emnet.
Obligatorisk læringsaktivitet
Obligatorisk deltaking på all undervisning, inkludert masteroppgåveseminar.
Gjennomføre litteraturreview.
Utprøving av minst eitt kvantitativt og eitt kvalitativt metodeinstrument (pilotering av metodar), inkludert kvantitative og kvalitative tekstanalysemetodar.
Munnleg framlegging for medstudentar og lærarar og respons til medstudentar.
Innlevering av prosjektplan for godkjenning til fastsett frist.
Rettleiing på litteraturreview og pilotering av metodar.
Vurderingsform
Individuell skriftleg oppgåve. Litteraturstudie/review knytt til eige fagfelt. Eit utval på ti vitskaplege artiklar (nasjonale og internasjonale) som utgjer ein review av sentrale kjelder til eige framtidig masteroppgåveprosjekt. Vekting 30%.
Individuell skriftleg heimeeksamen, 10 dagar. Vekting 70 %.
Ved sensur av emnet blir karakterskalaen A-F nytta.