MASA201 Vilkår for deltaking, felleskap og kollektiv handling
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Samfunnsarbeid er å undersøke og påverke vilkår for sosial deltaking, danning av fellesskap og kollektiv handling. Emnet vektlegg teoretisk forståing for samfunnsarbeid. Emnet skal gi kunnskap om samfunnsrelaterte prosessar og endringsarbeid.
Den teoretiske verktøykassa inneheld sentrale omgrep som fellesskap, identitet, dialog, deltaking, handling, samhandling og empowerment. Det teoretiske fundamentet inneheld kritisk gransking av omgrepa si historiske bruk, implisitte ideologi, og vandring mellom ulike tenestefelt. Kunnskap om og forståing av politiske prosessar, kommunal forvaltning, governance og innføring i velferdsteori høyrer til det teoretiske grunnlaget for samfunnsarbeid. Arbeidsdeling i velferdsstaten, hierarki og konflikt, praksis og metodar, vert tematisert og analysert for å øve opp evne til kritisk analyse. Ikkje-undertrykkande praksis er sentralt.
Sentrale tema::
- Ulike modellar for samfunnsarbeid
- (Lokal)samfunnskunnskap - velferdsaktørar
- Empowerment, kritisk medvit, dialog og refleksjon
- Deltaking, demokrati og mobilisering
- Lokal handleevne og sosial kapital
- Forsking i og på samfunnsarbeid
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, evner og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten...
- har kunnskap om mandata for samfunnsarbeid
- har inngåande kunnskap om dei mangesidige tilhøva mellom individ og samfunn
- har avansert kunnskap om det teoretiske grunnlaget for samfunnsarbeid
Evner:
Studenten...
- bruker relevante omgrep og perspektiv, forsking og fagutviklingsmetodar
- kan planlegge, gjennomføre og ferdigstille ulike endringsprosjekt og involvere dei det gjeld i alle delar av prosessen
Generell kompetanse:
Studenten...
- bidrar med kritisk analyse og gransking av ideala og realitetane i velferdstenestene
- formidlar korleis velferdstiltak og samfunnsarbeid kan ha utilsikta verknader som utestenging, diskriminering eller lært hjelpeløyse
Krav til forkunnskapar
-
Undervisnings- og læringsformer
Undervisning i emnet er i første semester. Forelesing, artikkelseminar, framlegg, få og gi kommentarar på eige og medstudentar sitt arbeid, delta i diskusjonar, gruppearbeid, utarbeide og bruke gruppekontrakt, levere arbeidskrav på Canvas. Prosessorientert skriving, levere essay/eksamensoppgåver til rettleiing, bidra med kommentarar på medstudentar sine essays
Obligatorisk læringsaktivitet
Ingen
Vurderingsform
Eksamen
Oppgåve i form av skriftleg individuelt essay. Oppgåva skal vera på maksimalt 4500 ord med framside, innhaldsliste og litteraturliste.
Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A til F, der A til E er stått karakter og F er ikkje stått.
Ny eksamen
Studentane må bearbeia oppgåva til ny eksamen.