MASA203 Samfunnsarbeid - sosial mobilisering
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Studentane skal gjennom dette emnet fordjupa seg i samfunnsarbeid i ein brei samfunnskontekst, og kunne greie ut på kva måte eige prosjekt bidreg til kunnskapsutvikling i samfunnsarbeid, eller på kva måte samfunnsarbeid bidreg med ny kunnskap i prosjektfeltet.
Den praktisk-teoretiske verktøykassa inneheld kunnskap om ulike vilkår for sosial endring. Emnet gir grundig innføring i kva makt og motstand tyder, knytt opp mot studenten sitt eige prosjekt. Sentralt i emnet står samfunnsfageleg forståing av kva lokale, nasjonale og globale krefter har å seie for sosial endring. Emnet vil gå inn på korleis desse kreftene kan vera mobiliseringsressursar for folk, og korleis dei kan fungerer som hemmande strukturar.
Empowerment og governance er sentrale omgrep i samfunnsarbeid, og sentralt i samfunnsarbeid emne 1 og 2. Samfunnsarbeid emne 3 vil utvida den kritiske granskinga av desse omgrepa mellom anna ved sjå på kva håp, utopi og frigjering kan bety på individ, gruppe, lokalt, nasjonalt eller globalt nivå. Håp og utopiar kan vera ressursar for sosial endring, og har ein viktig plass i samfunnsarbeid. Frigjering som omgrep og fenomen vil verta utdjupa ved å kritisk undersøkje kven som vert frigjort frå kva, eller frigjort til kva.
Emnet vil bidra til kritisk gransking av kva deltaking inneber og undersøkje korleis deltakarkompetanse og kritisk medvit kan byggjast og mobiliserast, mellom anna ved bruk av kreative verkemiddel og kunst . Ikkje-undertrykkande praksis er sentralt.
Sentrale tema:
- Deltakarkompetanse
- Barn, unge og deltaking
- Ikkje-undertrykkande praksis
- Makt og motstand
- Frigjering frå kva og til kva?
- Håp og utopi som sosial ressurs
- Samfunnsarbeid og kunst
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, evner og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten...
- har inngåande forståing for samfunnsarbeid som praksis, teori og metode for endring, og utvikla si eiga analytiske stemme
- har inngåande forståing for samfunnsarbeid som praksis, teori og metode for endring
- har avansert og inngåande kunnskap om samfunnsarbeidet sin kompleksitet
- brukar kunnskapen på nye område
- kan analysera faglege problemstillingar på kreative måtar
- kan analysera og helde seg fagkritisk til innvendingar som kan rettast mot eige prosjekt
Ferdigheiter:
Studenten...
- kan identifisere kritiske faktorar i samfunnsarbeid og være kristisk reflekterande rundt eige prosjekt
- kan formulera faglege argument munnleg og skriftleg
- arbeider sjølvstendig med teoretiske og praktiske oppgåver.
- kan finna og gjerna seg nytte av eit breitt fagleg tilfang av forsking og utviklingsarbeid
Generell kompetanse:
Studenten...
- kan kommunisere eige fagleg forståing
- bidrar til nytenking og innovasjon i fagfeltet
- kan bruka samfunnsarbeid som teoretisk og praktisk disiplin for å granska, drøfta eller utfordra sitt eige mastergradprosjekt
Krav til forkunnskapar
Alle emne i første studieår må vera bestått før kandidaten kan framstille seg til eksamen i emnet.
Undervisnings- og læringsformer
Undervisninga er i tredje semester. Deler av undervisinga i emnet kan bli gitt på engelsk, som del av eit internasjonalt samarbeid.
Sjølvstudium, litteraturseminar, tekstpresentasjon, skriveseminar, gi og få munnlege og skriftlege kommentarar til ulike tekstar. Essayskriving. Essayet skal diskutere eit sjølvvald og grunngitt tema som viser korleis samfunnsarbeid som teoretisk eller metodisk tilnærming kan brukast eller verta relevant i studenten sitt mastergradprosjekt
Obligatorisk læringsaktivitet
Ingen
Vurderingsform
Eksamen
Oppgåve i form av skriftleg individuelt essay. Maksimalt 4500 ord med framside og litteraturliste. Pensumliste kjem i tillegg.
Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A til F, der A til E er stått karakter og F er ikkje stått.
Ny eksamen
Studentene må tilarbeida oppgåva til ny eksamen