MASA301 Samfunnsvitskapelege forskningsmetode
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Emnet gir grundig innføring i samfunnsvitskaplege forskingsmetodar. Forsking tek til med å avgrense interessefeltet og formulera forskingsspørsmål. Case-studiar er mykje brukt i samfunnsarbeid, og utgjer ei ramme for måtar å finna, skapa og analysera data på. Ulike typar data svarar ulikt på same forskingsspørsmål, og gir eit utfyllande bilete av eit felt.
Emnet vil gi ei brei innføring i kvalitativt og kvantitativt orienterte samfunnsvitskaplege forskingsmetodar. Bruk av registerdata, gjenbruk av data og produksjon av nye forskingsdata er sentralt i samfunnsarbeid og i dette emnet. Emnet vil gje studentane brei innføring i krav til forsvarleg forsking, forskingsetikk, og metodar for kritisk gransking av forskingsresultat.
Sentrale tema:
- Utforming av fagutviklingsprosjekt og forskingsdesign
- Produksjon og analyse av ulike typar data (tekst, tall, lyd, bilete osb.)
- Deltaking i forsking og medforsking
- Tolking og vurdering av forskingsresultat (tekst, tall, lyd, bilete osb.)
- Akademisk skriving og argumentasjon
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, evner og generell kompetanse:
Kunnskap: Studenten...
- har inngåande kunnskap om deskriptiv statistikk, diskursanalyse, spørjeskjema, intervju, gruppebaserte metodar, og etnografiske metodar
- kan bruka kunnskapen på mange område og kan analysera faglege problemstillingar
- har inngåande kjennskap til dei strukturelle og sosiokulturelle vilkåra for kunnskapsproduksjon generelt, og for kunnskapsproduksjon i samfunnsarbeid spesielt
Evner: Studenten...
- kan formulera faglege utfordringar og forskingsspørsmål
- kan planlegga og gjennomføra eit fagutviklingsarbeid eller eit forskingsprosjekt
- kan dokumentera og formidla arbeidsprosesser og kunnskapsbidrag til fagfeller og ålmenta
Generell kompetanse: Studenten...
- kan skrive prosjektplan etter ålment aksepterte standardar
- kan stille seg kritisk til innebygde føresetnader og etiske utfordringar
- kan invitere og involvere til deltaking og medforsking
Krav til forkunnskapar
Studierett Master i samfunnsarbeid - HVL - Bergen
Undervisnings- og læringsformer
Undervisning i emnet er i første semester.Forelesingar, øvingar, arbeidsoppgåver i gruppe, sjølvstudium
Obligatorisk læringsaktivitet
Ingen
Vurderingsform
Eksamen Skriftleg eksamen under tilsyn, 6 timar
Vurderingsuttrykk Gradert karakterskala A til F, der A til E er stått karakter og F er ikkje stått.