Hopp til innhald

MASPED3-300 Spesifikke lærevanskar

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Emnet tek sikte på å kvalifisere studentane til sjølvstendig spesialpedagogisk arbeid, inkludert rådgjeving og rettleiing, for personar med spesifikke lærevanskar (lese- og skrivevanskar og språkvanskar) i barnehage, skule, PP-tenesta og andre utdanningseiningar. Emnet tek føre seg opplæringsaspekt retta mot personar med utfordringar knytt til læring og utvikling i eit teoretisk og didaktisk perspektiv. Emnet siktar mot å gje studentane opplæring i spesialpedagogisk arbeid der årsakstilhøve, kartlegging, førebygging og tiltak står sentralt. Innhaldet vert konsentrert om tre område med to tema i kvart semester:

1. semester:

Språkvanskar (10 sp)

  • Generelle og spesifikke språkvanskar og tilleggsvanskar i eit teoretisk-, forskings- og didaktisk perspektiv
  • Kommunikasjonsvanskar og språkleg utvikling
  • Kartleggingsprosedyrar og spesialpedagogiske tiltak i eit kommunikasjons- og samspelsperspektiv
  • Evaluering av tiltak
  • Førebyggande arbeid og evaluering

Psykososiale vanskar del 1 (10 sp)

  • Psykososiale vanskar som primær- og sekundærvanske i eit teoretisk-, forskings- og didaktisk perspektiv
  • Psykisk helse som omgrep, relatert til barnehage og skule i eit folkehelseperspektiv
  • Åtferdsmessige utfordringar knytt til eksternalisert og internalisert veremåte
  • Førebyggande arbeid og evaluering
  • Analyse, kartlegging, tiltak og tiltaksevaluering

2. semester:

Lese- og skrivevanskar (10 sp)

  • Lese-, stave- og skriveutvikling i eit teoretisk-, forskings- og didaktisk perspektiv
  • Førebygging av lese- og skrivevanskar og av sekundære vanskar
  • Undervisning, tilrettelagt opplæring og særskilte tiltak
  • Kartlegging og evaluering av tiltak

Psykososiale vanskar del 2 (10 sp)

  • Psykososiale vanskar som primær- og sekundærvanske i eit teoretisk-, forskings- og didaktisk perspektiv
  • Læringsutfordringar, til dømes svært gåverike barn og multifunksjonshemma personar
  • Psykososiale vanskar i ulike grupper, til dømes barn av psykisk sjuke foreldre og fattigdomsproblematikk
  • Migrasjonsrelaterte utfordringar
  • Førebyggande strategiar og tidleg intervensjon

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har inngåande teori- og forskingsbasert kunnskap om årsakstilhøve, ulike risiko- og ressursfaktorar som har verdi for forståing av lese- og skrivevanskar, språkvanskar og psykososiale vanskar

 

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke førebyggande og behandlande tiltak i eit individ- og systemperspektiv knytt til lese- og skrivevanskar, språkvanskar og psykososiale vanskar
  • kan gjennomføre sjølvstendig kartlegging av språkvansker og lese- og skrivevanskar og vurdere resultatet

 

Generell kompetanse

Studenten

  • kan identifisere og vurdere risiko for utvikling av psykososiale vanskar
  • kan identifisere og vurdere språkvanskar i relasjonelle perspektiv
  • har kunnskap om og kan arbeide førebyggande

Krav til forkunnskapar

Ingen ut over dei som følgjer av opptak.

Undervisnings- og læringsformer

Studiet er samlingsbasert, med tre samlingar à fire dagar pr semester. Undervisninga vil variere mellom førelesingar, seminar og gruppearbeid. Vi føreset at studentane deltek aktivt og sjølvstendig i alle undervisningsformene.

Obligatorisk læringsaktivitet

1. semester:

  • Eitt kartleggingskurs knytt til Psykososiale vanskar og eitt knytt til språkvanskar
  • Analyse og skriftleg vurdering av to vitskaplege artiklar
  • Utarbeide plan for feltarbeidet
  • Obligatorisk frammøte 80%

2. semester:

  • Eitt kartleggingskurs knytt til Lese- og skrivevanskar
  • Gjennomført feltarbeid, 15 dagar
  • Eit munnleg framlegg i gruppe knytt til feltarbeidet
  • Ein individuell skriftleg sluttrapport knytt til feltarbeidet
  • Obligatorisk frammøte 80%

Vurderingsform

1. semester: Individuell, skriftleg eksamen i Psykososiale vanskar del 1 og Språkvanskar .

Tid: Seks timar. Vekting: 50%

2. semester: Individuell, skriftleg eksamen i Lese- og skrivevanskar og Psykososiale vanskar del 2.

Tid: Seks timar. Vekting: 50 %

Bokstavkarakterar A til F.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel