ME6-1000 Matematikk for økonomar
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Innhald
- Grunnleggande algebra, inkludert løysing av ulikskapar, likningar og system av likningar.
- Analyse av éin-variabel funksjonar som polynomfunksjonar, rasjonale funksjonar, eksponentialfunksjonar, logaritmiske funksjonar og kombinasjonar av desse. Denne analysen skal femne: nullpunkt, asymptotar, grenseverdiar, kontinuitet, derivasjon (inkludert implisitt derivasjon), ekstremverdiproblem og elastisitet.
- Analyse av ulike funksjonstyper av fleire variablar, inkludert Cobb-Douglas-funksjonar og funksjonar med eksponensial- og logaritmeelement. Denne analysen omfattar det å finne og klassifisere stasjonære punkt, å finne maksimum og minimum for eit avgrensa område, å finne maksimum og minimum under sidevilkår, inkludert bruk av Lagranges metode.
- Analyse av aritmetiske og geometriske rekker, konvergens og sum av geometriske rekker.
- Analyse og utrekningar innan finansmatematikk, inkludert annuitetar, nedbetaling av lån, oppsparingsannuitetar og noverdi.
- Innføring i grunnleggande integralrekning for dei einvariabel funksjonstypane som inngår i kurset.
Læringsutbytte
Kunnskapar:
Studenten skal
- forstå funksjonsomgrepet
- forstå omgrepa den deriverte, det bestemde og det ubestemde integralet
- forstå korleis ein finn og bestemmer ekstremal- og vendepunkt av både algebraiske funksjonar og eksponensial- og logaritmefunksjonar
- forstå skilnaden på optimering med og utan sidevilkår
- forstå at betalingsstraumane knytt til eit serielån følgjer ei aritmetisk rekke
- forstå at betalingsstraumane knytt til eit annuitetslån følgjer ei geometrisk rekke
Ferdigheitar:
Studentane skal
- løyse oppgåver med ulike typar funksjonar, til dømes lineære, kvadratiske, potensfunksjonar, logaritmefunksjonar, eksponensialfunksjonar og funksjonar med fleire variablar
- løyse likningar og ulikskapar der funksjonsformene ovanfor er med
- kunne derivere ulike typar funksjonar, også samansette funksjonar, og gjennomføre funksjonsanalyse
- kunne løyse oppgåver knytt til geometriske og aritmetiske rekker, som til dømes å finne avdrag, renter og terminsummar for serie- og annuitetslån
- kunne utføre betinga optimering av funksjonar med to variablar ved bruk av Lagrange sin metode
Generell kompetanse:
Studenten kan
- nytta kunnskapen og dugleiken i matematikk til betre å forstå andre fag.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar og oppgåveseminar
Obligatorisk læringsaktivitet
Ingen
Vurderingsform
To eksamenar:
Ein skriftleg skuleeksamen på 4 timar. Tel 30% av den samla karakteren på emnet.
Ein skriftleg slutteksamen på 4 timar. Tel 70% av den samla karakteren på emnet.
Bokstavkarakter. Kandidaten må ha greidd begge eksamenane for å få godkjent emnet.
Ved stryk på ein av deleksamenane treng studenten berre å ta oppatt denne deleksamenen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle skrivne og trykte, og kalkulator
Meir om hjelpemiddel