MGUKØ201 Kroppsøving 1, emne 2 - Kroppsøvingsfaget, eleven og tilpassa opplæring
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Emnet er ei innføring i det å vere lærar i kroppsøving på trinn 5-10 i grunnskolen, og må sjåast i samanheng med emne 1.
Emnet skal sjåast i samanheng med Kroppsøving 1, emne 1. Sentralt står vidare utvikling av undervisningskompetansen knytt til variert bevegelseslæring og varierte kroppslige erfaringar. I tillegg til å kunne leggje til rette for aktuelle bevegelsesaktivitetar skal ein no i større grad kunne tilpassa undervisninga til den enkelte elev sine føresetnader, samt i større grad kunne vurdera elevenes læring og utvikling i kroppsøvingsfaget og kunne gje læringsfremjande tilbakemeldingar. Opplæringa skjer gjennom ei praktisk orientert fagdidaktisk tilnærming.
Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om tilpassa opplæring i regelverk og på bakgrunn av eleven sin vekst og utvikling
- har kunnskap om vurdering i kroppsøving
- har kunnskap om kva som kan fremje bevegelsesglede for elevar på steg 5-10
- har kritisk kunnskap om kroppen som uttrykk og symbol i samfunn, media og kultur.
Ferdigheiter
Studenten
- kan leggje til rette for læringsarbeid som fremjar glede i leik og varierte bevegelsesaktivitetar, på ulike arenaer og i nærmiljøet.
- kan gjennomføra skapande undervising der bevegelseserfaring, glede og refleksjon er sentralt
- kan vurdera elevens kroppslege læring og føresetnader som grunnlag for tilpassa opplæring og læringsfremjande tilbakemeldingar
- kan vurdera elevens måloppnåing, planlegga og grunngje vurderingane og leggje til rette for elevens eigenvurdering
- kan på fagets premissar inkludere dei grunnleggjande ferdigheitene i undervisinga
- kan utvikla eigne ferdigheiter og kunnskaper innan leik, friluftsliv, dans, idrett og andre bevegelsesaktivitetar, og gjera seg nytta av dette i undervising i kroppsøving
Generell kompetanse
Studenten
- kan kommunisera med elevar, føresette og kollegaer om kroppsøvingsfaget
- kan bidra til å sjå kroppsøving og bevegelsesaktivitet i tverrfagleg perspektiv
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Studenten møter varierte og profesjonsretta arbeids- og læringsformer i emnet. Det vil være førelesingar, praktiske øktar, eigenaktivitet og forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleiker.
Obligatorisk læringsaktivitet
- 80 % frammøte til undervisning;
- Fag 1: Demonstrasjon av eit undervisningsopplegg der det blir brukt digitale verktøy (individuelt eller i gruppe). Gjennomføring i praksisperioden og erfaringsdeling på profesjonsdag.Delta på turar/ekskursjonar (forventa kostnad, sjå semesterplan).
- Fag 2: Akademisk tekst: Studentane presenterer ein fagleg artikkel på eit seminar.
Semesterplanen vil gi retningslinjer for arbeidskrava. I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav.
Vurderingsform
Ein praktisk-metodisk eksamen der studenten skal planlegga, gjennomføra og deretter reflektera over eit undervisingsopplegg.
Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.
Fagleg overlapping
- KRO1002 - Bevegelsesaktivitetar og friluftsliv 1 - Reduksjon: 15 studiepoeng