MGUKØ101 Kroppsøving 1, emne 1 - Kroppsøvingsfaget, læraren og undervisning
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Emnet er ei innføring i det å vere lærar i kroppsøving på steg 5-10 i grunnskulen.
Emnet tek utgangspunkt i kroppsøving som eit allmenndannande fag med særleg ansvar for allsidig kroppsleg utvikling, oppleving og læring. Sentralt ligg utvikling av undervisningskompetanse i bevegelsesaktivitetar som idrett, friluftsliv, leik og dans, samt tidsaktuelle og tradisjonelle bevegelsesformer i barne- og ungdomskultur. Opplæringa skjer gjennom ei praktisk orientert fagdidaktisk tilnærming.
Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om læreplanen i kroppsøving, fagets eigenart og legitimering, og om korleis faget heng saman med andre skulefag
- har kunnskap om å planlegge, -gjennomføre og vurdere undervising i kroppsøving
- har kunnskap om friluftsliv, leik, dans, idrett og tidsaktuelle bevegelsesaktivitetar i barne- og ungdomskultur
- har kunnskap om føresetnader for læring på bakgrunn av vekst og utvikling hos eleven
Ferdigheiter
Studenten
- kan, ut frå lovverk, gjeldande læreplan og profesjonsetiske retningslinjer, planlegga, gjennomføra og vurdere undervising i kroppsøving
- kan bruka eigne ferdigheiter og kunnskapar innan leik, friluftsliv, dans, idrett og andre bevegelsesaktivitetar, og gjera seg nytte av dette i undervisning i kroppsøving
- kan utforska eigne kroppslege uttrykk og leie skapande prosessar kor refleksjon og erfaring med bevegelsar er sentralt
- kan ivareta HMS for elevane i ulike aktivitetar og bevegelsesmiljø
- kan planlegga og gje grunnleggande symjeopplæring, utføre livreddande førstehjelp og praktisere trygg ferdsel i, ved og på vatn
Generell kompetanse
Studenten
- kan drøfta kva som er kroppsøving sitt bidrag til allmenndanninga til elevane
- kan planlegge og formidle sentrale teoriar og problemstillingar i kroppsøving, og bidra til utvikling av god praksis
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Studenten møter varierte og yrkesrelevante arbeids- og læringsformer i emnet. Det vil vere førelesingar, praktiske timar, eigenaktivitet og forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleikar.
Obligatorisk læringsaktivitet
- 80 % frammøte til undervisning
- Delta på turar/ekskursjonar (forventa kostnad, sjå semesterplan)
- Praktisk-metodiske undervisingsoppgåver
- Friluftsliv med overnatting
- Fag 2: Vitskapsteori og metode, fellesdel med oppfølging
- Fag 2: Grunnleggande digitale ferdigheiter
Semesterplanen vil gi retningslinjer for arbeidskrava. I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav.
Vurderingsform
Sogndal: Prosjekt.
Bergen: Prosjekt
Stord: Prosjekt og praktisk-metodisk deleksamen. Kvar del tel 50 % av vurderinga.
Semesterplanen vil gi nærare retningslinjer for gjennomføring av eksamen og deleksamenar. Tid for innlevering av prosjektet vert opplyst på Studentweb og digitalt eksamenssystem.
Karakterskala A til F, der F er ikkje greidd.
Fagleg overlapping
- KRO1001 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 10 studiepoeng