MGUKØ401 Kroppsøving 2, emne 2 - Kroppsøvingsfaget, lærarkompetanse, forsking og utviklingsarbeid
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Emnet tek sikte på å utdjupa kunnskap om og forståing av kroppsøving, og inneheld ei innføring i metodisk vitskapleg arbeid.
Sentralt står korleis ein som kroppsøvingslærar kan bidra til fagleg utvikling og nyttegjere seg kunnskap frå norsk og internasjonal forsking i arbeid med eiga lærarrolle og profesjonsutvikling. Innføring i og praktisk erfaring med forsking og utviklingsarbeid relatert til kroppsøving og lærarkompetanse pregar difor oppbygginga av emnet.
Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande temaa slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.
Ein sentral del av emnet er FoU-oppgåva på 7,5 studiepoeng i samarbeid med pedagogikk og elevkunnskap (fag 1), eller semesteroppgåva på 7,5 studiepoeng (fag 2).
.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om forsking, forskingsbasering og kunnskapsproduksjon i kroppsøving
- har kunnskap om kroppsøving og kroppsleg læring i tverrfagleg perspektiv
Ferdigheiter
Studenten
- kan formulere fagdidaktiske problemstillingar og bruke relevant teori og forsking med sikte på å betre undervisning og læring i kroppsøving
- kan gjennomføra utviklingsarbeid knytt til lærarkompetanse i kroppsøving
- kan vidareutvikla eigne ferdigheiter og kunnskapar innafor område som leik, idretts- og bevegelsesaktivitetar, dans og nærfriluftsliv med tanke på undervising i kroppsøving
- kan kritisk vurdere ulike aktivitetar og arbeidsmåtar med tanke på undervising og læring i kroppsøving
Generell kompetanse
Studenten
- kan bidra til nytenking og innovasjon i faget kroppsøving og fysisk aktivitet i skulen meir generelt
- kan bidra til profesjons- og skuleutvikling med utgangspunkt i kroppsøving
Krav til forkunnskapar
Kroppsøving del 1 og del 2 gir grunnlag for den faglege forståing og eigenutvikling som dette emnet legg opp til.
Undervisnings- og læringsformer
Studenten møter varierte og yrkesrelevante arbeids- og læringsformer i emnet. Det vil vere førelesingar, praktiske timar, eigenaktivitet og forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleikar.
Obligatorisk læringsaktivitet
- 80 % frammøte; 100% på turar/ekskursjonar
- Framdriftsseminar med presentasjon knytt til FoU-oppgåve (fag 1)/semesteroppgåve (fag 2)
- Friluftsliv med overnatting
I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav
Godkjent arbeidskrav er gyldig så lenge studenten har eksamensrett.
Vurderingsform
Deleksamen, med ei FoU-oppgåve/semesteroppgåve og ein praktisk-munnleg eksamen.
- For studentar som tar dette emnet som Fag 1: FoU-oppgåve
- For studentar som tar dette emnet som Fag 2, og studentar i 4-årig GLU: Semesteroppgåve.
- Praktisk-munnleg eksamen: Ein praktisk-metodisk eksamen der studenten planlegg og gjennomfører eit undervisingsopplegg som inkluderer refleksjon over inkludering og tilpassa opplæring.
Begge delar må være greidd for å få karakter i emnet. Ved ikkje greidd på ein av delane, kan den delen som ikkje er greidd bli tatt som ny eksamen. Vekting er 50 % på kvar.
Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel