Hopp til innhald

MGUNO101 Norsk på mellomsteget 1: Språk- og tekstkunnskap

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Lærarutdanningsfaget norsk er eit samansett og mangfaldig språk-, kultur- og litteraturfag og ein praksisarena for kvalifisert arbeid med språk og tekstar - i ulike sjangrar og modalitetar, frå fortid og samtid.

Norsk på mellomsteget 1: språk- og tekstkunnskap er fyrste del av Norsk 1 for GLU 5-10. I lag med emnet Norsk på mellomsteget 2: litteratur- og tekstkunnskap kvalifiserer dette til norskundervisning på mellomsteget. Sentralt står språklege delemne, med fokus på elementær språkkunnskap, fagdidaktiske spørsmål og arbeid med dei grunnleggjande ferdigheitene. Emnet legg også vekt på at studentane skal utvikla eigne språkferdigheiter, eigen tekstkompetanse og eiga formidlingsevne.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

  • har omfattande kunnskapar om språket som system og språket i bruk
  • har gode kunnskapar om munnleg kommunikasjon, og samtalen som didaktisk reiskap
  • har gode kunnskapar om skriving og skrivestrategiar, og korleis elevar på mellomsteget kan vidareutvikla skriveferdigheitene sine
  • har kunnskapar om relevante språkteoretiske og språkdidaktiske omgrep og perspektiv
  • har kunnskapar om det å læra norsk som andrespråk
  • har kunnskapar om den gjeldande planen for norskfaget i skulen

Ferdigheter

  • kan planleggja, gjennomføra og vurdera norskundervisning for elevar på mellomsteget og grunngje faglege val
  • kan analysera språk og språkbruk, gjera greie for faglege val som skal fremja munnleg og skriftleg språkutvikling og vurdera elevar sin språkbruk
  • kan planleggja, gjennomføra og evaluera elev- og klassesamtalar
  • kan leggja til rette for at elevar på mellomsteget får lesa og skriva sak- og fiksjonstekstar for ulike formål og i ulike sjangrar og medium
  • kan vurdera og ta i bruk nye metodar, ny teknologi og ulike norskfaglege læremiddel, digitale og andre, i arbeidet med den vidare skriveopplæringa
  • kan tilpassa undervisninga til elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter i norsk
  • meistrar nynorsk og bokmål og kan undervisa elevar i begge målformer

Generell kompetanse

  • kan leggja til rette for at elevane på mellomsteget vidareutviklar ferdigheiter knytt til språk, munnleg kommunikasjon og skriving, og at dei kan nytta desse ferdigheitene til aktiv deltaking i klasserommet og i andre sosiale arenaar
  • kan planleggja, gjennomføra og reflektera over norskundervisning i sentrale emne og gjera greie for elev- og stegtilpassa fagdidaktiske val
  • kan vurdera eigen praksis med gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt som grunnlag
  • kan arbeida med språk og tekst i fleirspråklege og fleirkulturelle klassemiljø
  • kan skriva akademisk på begynnarnivå

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga vil veksla mellom lærarstyrt klasseromsundervisning og varierte studentaktive læringsformer. Innhaldet i undervisninga blir rekna som pensum, og dannar grunnlag for arbeid med ulike oppgåver, munnlege og skriftlege, på høgskulen og i praksis. Undervisninga i emnet er obligatorisk. 

Obligatorisk læringsaktivitet

For studentar som har emnet som Fag 1: Studentane har fire arbeidskrav i emnet, der minst eitt skal vera munnleg og minst eitt skal vera skriftleg, og der eitt kan vera knytt til praksis. Studentane må syna skriftleg kompetanse i begge målformene, difor må minst eitt av arbeidskrava gjennomførast på motsett målform av sluttvurderinga. Eitt arbeidskrav skal vera ein skriftleg tekst knytt til FOU-temaet akademisk skriving. Eitt arbeidskrav er minst 80 % frammøte.

For studentar som har emnet som Fag 2: Studentane har fire arbeidskrav i emnet, der minst eitt skal vera munnleg og minst eitt skal vera skriftleg, og der eitt kan vera knytt til praksis. Studentane må syna skriftleg kompetanse i begge målformene, difor må minst eitt av arbeidskrava gjennomførast på motsett målform av sluttvurderinga. Eitt arbeidskrav skal knytast til arbeidet med profesjonsfagleg digital kompetanse gjennom bruk av digitale verktøy. Eitt arbeidskrav er minst 80 % frammøte.

Generelt: Semesterplanen vil gi nærare retningslinjer for arbeidskrava. Alle arbeidskrav må vera godkjente for at studenten skal kunna ta eksamen i emnet.

Vurderingsform

Individuell skriftleg skuleeksamen, 6 timar.

Målform: Nynorsk Både fagleg innhald og språkleg utforming vert vurdert.

Tid og stad for eksamen vert annonsert på Studentweb.

Karakterskala: A-F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Godkjend ordbok eller ordliste.

Meir om hjelpemiddel