Hopp til innhald

MS1-301 Vitskapsteori

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Emnet tek utgangspunkt i vitskapsteori som systematisk refleksjon over og studie av vitskapleg verksemd og vitskapleg kunnskap. Ein måte å definere vitskap på er å seie at det er ein type systematisk og sosialt organisert søking etter, produksjon av, samt forvaltning og kommunikasjon av kunnskap og innsikt. Sentrale spørsmål som blir omhandla i dette emnet er kva vitskapleg kunnskap er, og kva som eventuelt skil slik kunnskap frå andre former for kunnskap. I dette inngår spørsmålet om det er vesentlege ulikskapar mellom vitskapleg kunnskap og kunnskap i dagleglivet eller i kvardagskunnskap, og om det finst fundamentale ulikskapar mellom ulike faggrupper, til dømes naturvitskapar og humanvitskapar. Emnet vektlegg at vitskapsteoretisk analyse og refleksjon krev ei evne til å ta eit steg attende og tenkje over eigne så vel som andre sine faglege perspektiv. 

Læringsutbytte

Etter avslutta emne har/kan studenten

Kunnskap

  • inngåande kunnskap om ulike vitskapsteoretiske posisjonar og omgrep
  • inngåande kunnskap om og kritisk kunne reflektere over viktige vitskapsteoretiske aspekt i eige fagfelt

Ferdigheiter

  • analysere og halde seg kritisk til ulike metodologiske debattar

Generell kompetanse

  • systematisk og kritisk reflektere over grensene for eigen kompetanse og eige fag
  • vise innsikt i forståing og formidling av akademisk tekst

Krav til forkunnskapar

Sjå generelle opptakskrav i studieplanen

Tilrådde forkunnskapar

Ikkje spesifisert

Undervisnings- og læringsformer

Sjølvstudium, forelesingar, seminar 

Obligatorisk læringsaktivitet

Deltaking på seminar 

Vurderingsform

Individuell skriftleg heimeeksamen.

Omfang 2000 ord +/- 10%.

Vurderingsutrykk A-F

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel