MS1-302 Rolla som profesjonell hjelpar
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Emnet legg vekt på kva som spesielt kjenneteiknar rolla som hjelpar i det komplekse hjelpeapparatet. I dette inngår hjelparen si samhandling med brukaren, med ulike yrkesgrupper, frivillig sektor og brukaren sitt nettverk. Det blir lagt vekt på å ha ei kontekstuell tilnærming i møtet med brukaren. Ei hjelparrolle som er ressurs- og løysingsorientert, sjølvstendig, fleksibel og i stand til å utarbeide samordna og individualiserte tilbod, vert løfta fram. Det er eit mål at studenten får vidareutvikla og bli trygg på eigen profesjonalitet. Studenten skal samstundes ha kunnskap om heile hjelpeapparatet og vera i stand til å skapa samhandling mellom ulike tenestenivå. Sentrale tema i dette emnet er difor relasjonskunnskap og kompetanse, ulike kunnskapsformer, fagleg skjønn, fagetikk og tiltak innafor helse, sosialfag, og fysisk aktivitet.
Læringsutbytte
Læringsutbytte
Studenten har/kan
Kunnskap
- inngåande kunnskap om ulike perspektiv på møte mellom hjelpeapparat og brukar
- inngåande kunnskap om kommunikasjon i møte med brukarar og andre profesjonsutøvarar
- inngåande fagleg innsikt i korleis eigen relasjonskompetanse kan utviklast
- inngåande kunnskap om etikk og fagleg skjønn som ledd i profesjonsutøving med brukarar og andre profesjonsutøvarar
Ferdigheiter
- analysere kommunikasjon i møte mellom hjelpeapparat og brukar
- reflektere kritisk over eiga rolle som profesjonsutøvar i lys av yrkesetikk
- analysere og diskutere fagleg skjønn som ledd i profesjonsutøving
- leggje til rette for tiltak innafor helse, sosialfag og fysisk aktivitet i samarbeid med brukaren, det faglege nettverket, og pårørande
Generell kompetanse
- reflektere fagleg og etisk over ulike former for kunnskap og bruken av desse i eit samhandlingsperspektiv
Krav til forkunnskapar
Sjå generelle opptakskrav i studieplanen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Forelesingar, fleirfaglege refleksjonsgrupper, sjølvstudium, individuell oppgåve. Seminar med framlegg og diskusjon.
Obligatorisk læringsaktivitet
Individuell oppgåve som grunnlag for gruppearbeid. Gruppearbeidet vert avslutta med eit førebudd framlegg i plenum.
Vurderingsform
Individuell skriftleg oppgåve. Omfang 2000 ord +/-10%. . Gradert karakter A - F
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel
Meir om hjelpemiddel