MSAM613 Masteroppgåve
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Masteroppgåva skal vere ei sjølvstendig vitskapleg avhandling. Tema og tilnærming for avhandlinga skal skje i samråd med rettleiar.
Læringsutbytte
Ein kandidat som har fullført emne 6 skal ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Kandidaten
- har spesialiserte kunnskapar om eit avgrensa fagområde
- har god kjennskap til spesialiseringa sin relevans og plassering i eit større kunnskapsområde
- har kunnskapar om krav til samfunnsvitskaplege framstillingar
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan utforme eit forskingsprosjekt, samle inn og analysere data.
- kan handtere forskingsetiske utfordringar relevant for sitt forskingsprosjekt
- kan resonnere sjølvstendig og utarbeide ein stringent argumentasjon, munnleg og skriftleg
- kan formidle eige forskingsarbeid munnleg og skriftleg i tråd med ålmenne vitskaplege krav
Generell kompetanse
Kandidaten
- har eit sjølvstendig og reflektert forhold til teori og metode innanfor samfunnsvitskap, tileigna gjennom eigen forskingspraksis
- har ei sjølvstendig haldning til faglege framstillingar og empirisk materiale
- kan nytte teori, metodar og teknikkar tilhøyrande faget på ein sjølvstendig måte i handsaminga av vitskaplege problemstillingar
Krav til forkunnskapar
For å kunne levere masteroppgåva må studentane ha avlagt og bestått emne 1, 2, 4 og 5, eller 1, 2, 3 og 5.
Undervisnings- og læringsformer
Arbeidet med masteroppgåva føreset ei hovudvekt av sjølvstudium og sjølvstendig arbeid med individuell rettleiing. I tillegg blir det organisert manuskriptseminar for studentar i 3. og 4. semester, der studentane legg fram delar av oppgåva si til diskusjon. I manuskriptseminara får studentane innspel frå ei større gruppe medstudentar og fagpersonar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Ingen
Vurderingsform
Masteroppgåve med justerande munnleg eksamen.
Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.
Masteroppgåve
Masteroppgåva skal vere på 32000 - 44000 ord brødtekst, linjeavstand 1,5 og fontstorleik 12. Tid for innlevering blir annonsert på Studentweb og digitalt eksamenssystem.
Justerande munnleg eksamen
Den munnlege prøva har to delar: ein open presentasjon på 20 minuttar, og ein påfølgjande lukka munnleg eksaminasjon med utgangspunkt i oppgåva. Tid og stad for munnleg eksamen blir lagt på Canvas. Karakteren på masteroppgåva kan justerast opp eller ned ein karakter.
Det er ikkje mogeleg å framstille seg til eksamen i dette emnet meir enn ein gong, med unnatak dersom oppgåva blir vurdert til ikkje greidd. For meir informasjon om ny vurdering/klage, sjå: Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet.
Hjelpemiddel ved eksamen
- Masteroppgåve: Alle
- Munnleg eksamen: Ingen