Hopp til innhald

NAB802 Naturfag 1, emne 2 - Den ikkje-levande naturen

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Naturfag 1 er forankra i nasjonale retningsliner for grunnskulelærarutdanning 1-7. Vidare er emnet forankra i eksisterande læreplan, og fagfornyinga i grunnskulen.

Naturfag 1 er sett saman av to emne, kvart på 15 studiepoeng:

  • Emne 1 - Den levande naturen
  • Emne 2 - Den ikkje-levande naturen.

Gjennom Naturfag 1 møter studentane sentrale naturfaglege og naturfagdidaktiske tema som er relevante for undervisning i naturfag i grunnskulen på 1. - 7. steg.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgande  læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • kan bruke partikkelmodellen til å konkretisere oppbyggjing og eigenskapar til faste stoff, væsker og gassar og forklare samanhengen mellom faseovergang og energi
  • har kunnskap om namnsetting, oppbygging og eigenskapar til vanlege kjemiske stoff, og kan bruke periodesystemet til å forklare dette
  • har grunnleggande kunnskap om kjemiske reaksjonar på makro- og mikronivå
  • har kunnskap om mekanikk og elektrisitet med spesielt fokus på bevaring og overføring av energi og kan illustrere dette ved hjelp av forsøk
  • har kunnskap om bølger, lyd og lys og kjenner til aktuelle forsøk og aktivitetar som eignar seg for praktisk og variert undervisning med dei yngste elevane
  • har kunnskap om korleis solsystemet kan introduserast for elevar på barnesteget og korleis bygge på kunnskap om solsystemet ved undervisning av ulike fenomen som til dømes solformørkelse, måneformørkelse og flo og fjære
  • har kunnskap om ulike modellar som kan brukast til å forklare ytre og indre geologiske prosessar på jorda og korleis vanlege norske mineral og bergartar har vorte til for elevar på barnesteget
  • har kunnskap om værelementene og lokale værfenomen
  • har grunnleggande kunnskap om teknologi knytt til naturfag, og kjenner til formålet med teknologi som tema i skulen
  • har kunnskap om korleis gjennomføre begynneropplæring i emner innan fysikk og kjemi
  • har grunnleggande kunnskap om ulike dialogiske og utforskande arbeidsmåtar og kan nytte denne kunnskapen til å aktivere elevane sine forkunnskapar og utvikle det naturfaglige språket.
  • har kunnskap om korleis legg til rette for utvikling av elevar sine digitale ferdigheiter i naturfag
  • har kunnskap om fagfornyinga i grunnskulen

Ferdigheit

Studenten

  • kan bruke relevant utstyr til å gjennomføre aktivitetar og målingar, og vurdere nødvendige tryggingstiltak
  • kan planleggje, gjennomføre og reflektere over eigen naturfagundervisning på barnetrinnet forankra i forsking, teori og praksis og med spesielt fokus på begynneropplæring og bruk av grunnleggande ferdigheiter 
  • kan gjennomføre tverrfagleg undervisning med fokus på å designe og lage teknologiske produkt og knyte teknologi til tema innan naturfag.
  • kan tilrettelegge for overgangen frå barnesteget til ungdomssteget

Generell kompetanse

Studenten

  • kan analysere og bruke gjeldande læreplan for barnesteget som utgangspunkt for naturfagundervisning
  • kan drøfte eiga rolle, praksis og utviklingsmoglegheiter som naturfaglærar
  • har grunnleggende kunnskap om naturvitskaplege praksisar og tenkemåtar som grunnlag for kritisk tenking og utforskende arbeidsmetoder

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Naturfag 1, Emne 1 eller tilsvarande

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga går over eitt semester. Emne er samlingsbasert med arbeidskrav og sjølvstudium mellom samlingane.

Arbeidsformene vil variere mellom førelesningar, demonstrasjonar, utforskande aktiviteter besøk på vitensenter, laboratorieøvingar, oppgaveløysning,  didaktiske oppgaver og muntlige argumentasjonsøvelser. Gjennom desse varierte arbeidsformene vil dei grunnleggande ferdigheiter bli brukt og utvikla. Dei praktiske arbeidsformene er viktige. Studentene vil få erfaring med arbeidsformer som kan brukast på barnetrinnet.

Studentene skal arbeide individuelt og i grupper. Deler av pensum må lesast som sjølvstudium. Det er tilrådd å arbeide med lærestoffet gjennom kollokviearbeid eller diskusjonsgrupper på Canvas.

Studentene skal enkeltvis eller i grupper, planlegge, gjennomføre og vurdere undervisningsopplegg i faget i minst ein skuleklasse.

Obligatoriske arbeid vert  utført på og mellom samlingane. Studentene skal levere journaler fra pålagte øvingar og didaktiske arbeid. Nærare spesifikasjon med frist for innlevering vert gjevne i semesterplanar.

Canvas er høgskulen sitt studiestøttesystem, og det blir brukt både til informasjon og til  organisering av læringsaktivitetar. Studentene vil få rettleiing både individuelt og i grupper gjennom heile studiet.

Studentene får undervegsvurdering for læring gjennom tilbakemelding på obligatorisk innleverte arbeid.

Studentene vil få erfaring med bruk av ulike digitale verktøy på samlingane.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Deltaking på minst 6 kursdagar
  • Teknologi- og designopplegg med rapport
  • Laboratoriearbeid med rapport
  • Didaktisk arbeid om kjemiske reaksjoner

Det er eit krav at digitale verktøy blir brukt i minst eit av arbeidskrava. Det er videre eit krav at erfaringar frå minst ein av de obligatoriske oppgåvene blir delt med eige kollegium.

Godkjent arbeidskrav er gyldig i det påfølgande semesteret etter godkjenninga.

Vurderingsform

Munnleg eksamen, ca. 30 minutter pr. kandidat.

Studenten får ca. 30 minutt til førebuing.

Tid og stad for eksamen blir kunngjort på Studentweb.

Karakterskala A-F, der F tilsvarar ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Kalkulator

Meir om hjelpemiddel