Hopp til innhald

NAB803 Naturfag 2, emne 1 - Fysikk, kjemi og miljøutfordringar

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Naturfag 2 er forankra i nasjonale retningsliner for grunnskulelærarutdanning 1-7. Vidare er emnet forankra i eksisterande læreplan, og fagfornyinga i grunnskulen.

Naturfag 2 er sett saman av to emner, kvart på 15 studiepoeng. 

Naturfag 2, Emne 1 - Den ikkje-levande naturen, framhald og Naturfag 2, Emne 2 - Den levande naturen, framhald

Naturfag 2 supplerer naturfag 1 både i breidde og djupne. Miljø og berekraftig utvikling vert vektlagt i kurset. Fag og didaktikk vert sett i samanheng og emna skal gje fagleg og didaktisk tryggleik for arbeid med sentrale område av naturfaget for steg 1 - 7 i grunnskulen. Naturfag 2, Emne 1 byggjer på naturfag 1, emne 2.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgende totale læringsutbytte:

Kunnskaper

Studenten

  • Kan diskutere samfunnsmessige, miljømessige og etiske problemstillingar knytt til ulike fornybare og ikkje-fornybare energikjelder
  • har kunnskap om ulike stoff og kjemiske reaksjonar, og deira tyding i miljøsamanheng
  • har kunnskap om elektronikk, gravitasjon og elektromagnetisme
  • har kunnskap om teknologiske moglegheiter og utfordringar knytt til kunnskap i kjemi
  • har kunnskap om bruk av ulike modellar som viser kva universet består av og korleis det utviklar seg.
  • har kunnskap om tverrfaglig undervisning som fremjar dei yngste elevane sin  handlingskompetanse for eit bærekraftig liv i framtiden 
  • har utdjupande kunnskap om utforskande undervisning

 

Ferdigheter

Studenten

  • kan handtere kjemikaliar og lage kjemiske blandingar og løysingar
  • kan vurdere usikkerheit og feilkjelder i målingar
  • kan bruke kunnskap i fysikk og kjemi til problemløysing med og utan digitale verktøy
  • kan legge til rette for kreativ og praktisk undervisning i naturfag og teknologi som gjev god progresjon mellom ulike steg
  • kan analysere, vurdere og dokumentere elevar si læring og gi læringsfremjande tilbakemeldingar
  • kan finne, vurdere og vise til naturfagleg og naturfagdidaktisk forsking, informasjon og fagstoff og bruke dette i undervisning og drøfting med kollegaer
  • kan  nytte naturfag som regifag i dagsaktuelle tverrfaglege samanhengar som ved teknologi og bærekraftig utvikling

 

Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i fagdidaktisk forsking om utvikling av evne til kritisk tenking og argumentasjon
  • har innsikt i fagdidaktisk forsking om danninga av omgrep og forståing av faglege samanhengar
  • kan knyte eiga rolle som naturfaglærar til etiske, sosiale, økonomiske og politiske problemstillingar som angår naturvitskap og teknologi i samfunnet

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Naturfag 1, emne 1 og 2, eller tilsvarende.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga går over eitt semester (haust). Emnet er basert på sju kursdagar fordelt på tre samlingar med arbeidskrav, sjølvstudium og videoforelesningar mellom samlingane.

Arbeidsformene vil variere mellom førelesingar, demonstrasjonar, utforskande aktivtetar,  besøk på bedrift, laboratorieøvingar, oppgaveløysing, didaktiske oppgåver og muntlige argumentasjonsøvingar. Studentane vil få erfaring med arbeidsformer som kan brukast på barnetrinnet og dei vil få trening i å utvikle og bruke vurderingskriterier for utforskande aktivitetetar gjennom at dei skal vurdere kvarandre sitt arbeid. 

 Det tilrådast at studentane arbeider med lærestoffet mellom samlingane gjennom kollokviearbeid eller diskusjonsgrupper på Canvas.

Studentane skal åleine eller saman med andre studentar planlegge, gjennomføre og vurdere to ulike undervisningsopplegg i faget i minst ein skoleklasse.

Obligatoriske arbeid vert utført  på samlingar og i mellomperioder mellom samlingene. Studentene skal levere journaler fra pålagte øvingar og didaktiske arbeider. Nærmare spesifikasjon med frist for innlevering vert gjevne i semesterplanar.

Canvas er høgskolens studiestøttesystem, og det forutsettes brukt både til informasjon og til læringsaktiviteter. Studentene vil få veiledning både individuelt og i grupper gjennom hele studiet.

Studentane får undervegsvurdering for læring gjennom tilbakemelding på innleverte arbeidskrav.

Studentane vil få erfaring med bruk av ulike digitale verktøy på samlingene og i arbeidskrava. Dette gjeld til dømes bruk av datalogg, responsverktøy, samskrivingsverktøy og digitale animasjonar.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Deltaking på minst 6 kursdager
  • Utforskande prosjekt i eigen klasse med rapport
  • Laboratoriearbeid/praktisk arbeid med rapport i kjemi
  • Bruk av ulike digitale verktøy i fysikk
  • Didaktisk arbeid om kjemiske reaksjonar

Det er eit krav at erfaringar fra minst ei av dei obligatoriske oppgåvene blir delt i eige kollegium.

Godkjent arbeidskrav er gyldig i det påfølgande semesteret etter godkjenninga.

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 6 timer.

Tid og stad for eksamen blir slått opp på Studentweb.

Karakterskala A-F, der F tilsvarar ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Kalkulator

Meir om hjelpemiddel