Hopp til innhald

NOU803 Språkkunnskap (nettstudium)

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Norsk 2 5-10 trinn Tekstkunnskap og Språkkunnskap (30 studiepoeng) byggjer på 30 studiepoeng grunnutdanning i norsk og er eit vidaregåande kurs for lærarar som vil undervise i norsk på mellomtrinnet og ungdomstrinnet.

Studiet er eit ledd i regjeringa si satsing på varig vidareutdanning (Kompetanse for kvalitet). Etter Forskrift til opplæringslova §14-2 må ein lærar ha 30 studiepoeng norsk for å undervise i faget på barnetrinnet og 60 studiepoeng norsk for å undervise på ungdomstrinnet.

Norsk 2 er delt i to emne à 15 studiepoeng. Emne 1 Språkkunnskap går hausten, og emne 2 Tekstkunnskap går våren. Emne 1 gir eit teoretisk og didaktisk grunnlag for arbeid med den andre lese- og skriveopplæringa i klasserommet. Sentrale tema er lese- og skriveteoriar, leseforståing, lese- og skrivestrategiar og vurdering av lese- og skriveferdigheiter. Emne 2 gir ei innføring i ny og aktuell barne- og ungdomslitteratur og gir teoretiske perspektiv på debattar knytte til denne litteraturen.

Saman med Norsk 1 5-10 trinn utgjer Norsk 2 Tekstkunnskap og språkkunnskap eit årsstudium (60 studiepoeng). Samla gir kursa omfattande kompetanse til norskundervisning på mellom- og ungdomstrinnet. Samla kan dei også vere grunnlag for opptak til ulike masterstudium der norsk inngår.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om lese- og skrivestrategiar og relevante teoriar om lesing, skriving og lese- og skriveopplæring
  • har innsikt i korleis elevar på mellomtrinnet og ungdomstrinnet kan motiverast til lesing og vidareutvikling av leseforståing og lesestrategiar, både for elevar med norsk som førstespråk og norsk som andrespråk
  • har kunnskap om fleirspråklegheit, fleirspråkleg praksis og om det å lære norsk som eit andrespråk
  • har god innsikt i talemålsvariasjonen i moderne norsk
  • har god kjennskap til norsk språkhistorie frå den eldste tida og fram til i dag

Ferdigheiter

Studenten

  • kan setje i gang, rettleie og vurdere munnleg, skriftleg og samansett tekstproduksjon hos elevar på mellomtrinnet og ungdomstrinnet og grunngi karakterane ein set
  • kan bruke språk- og tekstkunnskap i arbeidet med analyse av, respons på og vurdering av munnlege og skriftlege elevtekstar for å fremje læring
  • kan kartlegge og vurdere lese- og skriveferdigheiter, sette i verk relevante tiltak for tilpassa opplæring og oppdage lese- og skrivevanskar
  • kan planleggje, gjennomføre og vurdere norskundervisning på ulike trinn frå 5. til 10. trinn og grunngi faglege val
  • kan bruke digitale verktøy i språkopplæringa
  • er ein sikker munnleg språkbrukar og stø i skriftleg bokmål

Generell kompetanse

Studenten

  • kan legge til rette for at elevane blir tekstkyndige og kritiske språkbrukarar som kan delta aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer
  • har blikk for mangfaldet i elevgruppa og kan gjere greie for tilpassa fagdidaktiske val
  • kan vurdere eigen praksis ut frå gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt

Krav til forkunnskapar

Deltakarane må ha minst 30 sp i norsk frå før.

Undervisnings- og læringsformer

Norsk 2 Tekstkunnskap og Språkkunnskap er eit nettbasert deltidsstudium. Ein legg stor vekt på studentaktive læringsformer, der studenten er både mottakar, aktiv deltakar, rettleiar for medstudentar og observatør. Undervisninga skjer i stor grad som nettbaserte forelesingar i form av video, tekst og lyd. Informasjonsutveksling, rettleiing og faglege diskusjonar skjer i studiestøttesystemet Canvas. Det er vidare ein føresetnad at studentane som følgjer studiet, deler kunnskapen og ferdigheitene dei tileignar seg, med lærarar i kollegiet på eigen skole.

Studiet har ikkje eigen praksisdel, men er praksisretta ved at eiga yrkeserfaring blir knytt til arbeidet. Studentane skal få prøve ut og reflektere over emne og fagstoff som blir tatt opp i undervisninga og sjå desse emna i samanheng med erfaringar og observasjon i eigen klasse.

Obligatorisk læringsaktivitet

Studentane må levere og få godkjent ei læringsmappe med fire obligatoriske arbeid for å få gå opp til eksamen. Tema for innleveringane blir kunngjorde ved semesterstart. Oppgåvene skal skrivast på bokmål. To av innleveringane vil bli brukt til mappevurdering.

Arbeidskrav er gyldige i fire semester etter godkjenning.

Vurderingsform

Mappevurdering, med to delar frå læringsmappa: Ei oppgåve blir bestemt av høgskolen, den andre er sjølvvald. Målform: bokmål.

Tid for innlevering av vurderingsmappa blir opplyst på Studentweb og digitalt eksamenssystem.

Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel