Hopp til innhald

OR6-1001 Organisasjonsteori

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Overordna tema:

  • Samfunnsoppgåve og effektivitet
  • Organisasjonsstruktur
  • Organisasjonskultur
  • Makt og konflikt i organisasjonar
  • Leiing, motivasjon og endring

Læringsutbytte

Ein kandidat skal oppnå følgjande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter generell kompetanse:

Kunnskapar

Ved fullført emne har studenten brei kunnskap om omgrep og teoriar knytt til

  • verdiskaping og måloppnåing
  • ulike organisasjonsformer og -strukturar
  • forholdet mellom individ, organisasjon og omgivnader
  • kultur, makt og konflikt i organisasjonar
  • kommunikasjons- og avgjerdssprosessar i organisasjonar
  • læring, innovasjon og endring i organisasjonar
  • leiing i og av organisasjonar
  • etikk og organisasjonars samfunnsansvar

Ferdigheiter

Ved fullført emne kan kandidaten bruke fagleg kunnskap til å

  • ta i bruk analytisk tenking i eigen organisasjonsdeltaking
  • skildre, drøfte og finne fram til tiltak for å handtere ulike dilemma som oppstår i organisasjonar
  • utforme tiltak som kan bidra til å fremje organisasjonars effektivitet, legitimitet og måloppnåing

 Generell kompetanse

Ved fullført emne har studenten innsikt i og kan formidle kunnskap om

  • praktiske og teoretiske problemstillingar som organisasjonar står overfor
  • korleis verdiskaping skjer i organisasjonar
  • skilnader og likskapar mellom offentleg og privat verksemd
  • den norske arbeidslivsmodellen som ramme for åtferd i organisasjonar

Krav til forkunnskapar

Ingen ut over opptakskrav, sjå studieplanen.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og oppgåver med tilbakemelding/gjennomgang i plenum.

Obligatorisk læringsaktivitet

Eitt skriftleg arbeidskrav. Hovudregelen er at arbeidskravet er eit gruppearbeid. 

Eit arbeidskrav er gyldig dei tre påfølgande semestre.

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 4 timar.

Bokstavkarakter.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen.

Meir om hjelpemiddel