Hopp til innhald

SØ6-402 Offentleg økonomiforvaltning

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

I emnet vert det gitt innføring i økonomisk teori og tankegang. Det blir gitt innføring i økonomiske grunnomgrep knytt til velferdsstaten og offentleg sektor.  Vidare blir det gitt innføring i det å nyttegjere seg sentrale planleggingsdokument i offentleg sektor, i kalkulasjon, rekneskap og budsjett, samt i økonomistyring, resultatmåling og lønsemd.

Læringsutbytte

Etter avslutta emne skal studenten ha følgjande kunnskapar, ferdighetar og generell kompetanse:

 

Kunnskap:

  • Ha kunnskap om økonomisk teori og tankegang
  • Ha kunnskap om sentrale økonomiske grunnomgrep knytt til velferdsstaten og offentleg sektor
  • Kjenne til eit utval sentrale planleggingsdokument i offentleg sektor, med relevans for eigen sektor og eiga driftseining

 

Ferdighet:

  • Kunne analysere planleggingsdokument som er relevante for eigen sektor og eiga driftseining
  • Som leiar kunne bruke økonomisk teori på konkrete avgjerdssituasjonar i eiga driftseining
  • Vere i stand til å analysere samfunnsøkonomiske lønsemdsvurderingar
  • Ha innsikt i og kunne prioritere avgrensa ressursar
  • Kunne arbeide aktivt med budsjett

 

Generell kompetanse:

  • Studenten skal etter avslutta kurs ha fått innsikt i offentleg sektor og teorien for økonomisk politikk og økonomisk styring, med vekt på sektorane helse, velferd og utdanning, og dei skal vite korleis dei skal kunne sikre god ressursutnytting i eiga driftseining
  • kunne nytte nokre grunnomgrep i økonomisk teori i forståinga av ressursforvaltning i eiga driftseining
  • kunne kommunisere med kollegaer og leiarar i eigen organisasjon om nokre grunntrekk i velferdsstaten og offentleg sektors økonomiske grunnlag og økonomiforvaltning
  • kjenne til og kunne analysere eit utval sentrale planleggingsdokument i offentleg sektor, med relevans for deira eigen sektor og eiga driftseining
  • kunne nytte sentrale omgrep som økonomistyring, lønsemd og resultatmåling i ei forståing av den offentlege leiarrolla.

Krav til forkunnskapar

Sjå generelle opptakskrav i studieplanen.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, casediskusjonar, gruppearbeid og skriftleg arbeid.  

Obligatorisk læringsaktivitet

Arbeidskrav nr. 3: Individuell innleveringsoppgåve.

Eit arbeidskrav er gyldig i dei fire påfølgjande semester. Ut over dette må studenten søkje spesielt om godkjenning.

Vurderingsform

Heimeeksamen - 8 dagar. Svar på utleverte oppgåver innan dato gjort kjend av faglærarar. Omfang inntil 3500 ord.  Formelle krav til innleveringa vert gjort kjende ved utdeling av oppgåvene.

 

Bokstavkarakter A-F.

 

Ved stryk kan studenten ta opp igjen eksamen i det påfølgjande semesteret.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel