Hopp til innhald

SA572 Barndommens og ungdommens historie

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhold og oppbygning

Kva er eit barn og ein ungdom? Svaret kan verke innlysande. Men løfter vi blikket og ser oss omkring i verda og attende i historia, oppdagar vi straks at svaret ikkje er sjølvsagt. Viktig i dette emnet vert den diskusjonen som følgde i kjølvatnet av Phillipe Ariès si bok «Barndommens historie» som har omgrep om barn- og ungdomstid som sosial konstruksjon. Emnet tar sikte på å sjå på ulike delar av denne debatten, med ei serskild vektlegging av tre forskjellige epokar: gresk/romersk tid, europeisk mellomalder og den moderne perioden. I omhandlinga av emnet vert fleire tverrfaglege emne trekte inn for å kaste lys over barnet og ungdommen sin situasjon både i tid og rom. 

I norsk etterkrigstid har barndom, ungdom og fritid vore sentrale emne, det gjeld stikkord som institusjonalisering, ei stadig meir organisert fritid og utviding av ungdomstida etter kvart som stadig fleire tek høgare utdanning.

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullført studium skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten...

  • har brei kunnskap om barnet/ungdommen sin situasjon under ulike kulturelle forhold
  • kan greie ut om likskapar og forskjellar i synet på barn og ungdom i antikken, mellomalderen og i moderne tid.
  • har kunnskap om korleis barn og ungdom sitt forhold til fritid og arbeid har endra seg over tid.

Ferdigheiter

Studenten...

  • kan gjera greie for og vurdere forskjellar mellom konstruksjonistiske og klassisk vitskaplege tilnærmingar til studiet av barn og barndom.
  • kan drøfte ulike syn på den moderne barndommens framvekst og karakter.
  • kan gjera greie for spørsmål som reiser seg i samband med den moderne oppfatninga av barn og ungdom som individ med særeigne rettar.
  • kan gje ein individuell skriftleg presentasjon av ei problemstilling.
  • kan vurdere eige arbeid/prestasjonar.

Generell kompetanse

Studenten...

  • kan skrive tekstar om faglege tema etter definerte vitskaplege kriterium basert på dei nyaste fagteoriane og problemstillingane.
  • kan nytte historiske teoriar til å tolke og forstå korleis barn og ungdom sin situasjon har endra seg opp gjennom tidene.
  • kan formidle fagstoff munnleg i diskusjonar og presentasjonar.

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, seminarundervisning, individuelt arbeid og munnleg framføring.

Obligatorisk læringsaktivitet

Det er obligatorisk frammøte til undervisninga (80 %).

Studenten skal skrive ei oppgåve med tilbod om rettleiing i grupper. Oppgåva må vere godkjent for å gå opp til eksamen.

Vurderingsform

Skriftleg eksamen 4 timar.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje greidd.

Hjelpemidler ved eksamen

Ingen

Mer om hjelpemidler