SOS5-106 Sosialt arbeid - grunnlagskunnskap
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Emnet skal gje studentane forståing for sosialt arbeid si historie og utvikling, både i ein norsk og ein internasjonal kontekst. Emnet gjev kunnskap om kva som er sentralt for forståinga av sosialt arbeid som fag og yrke. Studentane får kunnskap om sentrale omgrep i faget og vert kjende med ulike analytiske omgrep innan faget. Tema i undervisninga i sosialt arbeid er mellom anna historikk, verdigrunnlag, ulike teoriar og kunnskapsgrunnlag, forsking innan fagfeltet, relasjonskunnskap, samt sosialt arbeid sin plass og relevans i samfunnet. Førelesingar og ferdigheitstrening i relasjonskompetanse vert vektlagd, samt arbeid med haldningar og verdiar. Emnet skal gje studentane forståing for betydninga av relasjonsbygging generelt, og spesielt mellom sosialarbeidar og brukar. Gjennom praktiske øvingar og refleksjon får studentane auka bevisstheit om eigen relasjonskompetanse. Emnet gjev forståing for korleis ulike fagdisiplinar, samt politikk og økonomi påverkar utvikling av og rammebetingelsar for sosialt arbeid. Temaene innan felles læringsutbyte er samfunnsfag, juss, etikk og psykologi, sosiologi og tverrprofesjonell samarbeidslæring. Tverrprofesjonell samarbeidslæring er gjennomgåande for heile studiet. Det vert etablert grupper frå dei tre profesjonsutdanningane som i dette emnet samarbeider om temaet yrkesetiske problemstillingar. Formidling av kunnskap, både skriftleg og munnleg vert vektlagt gjennom heile emnet. Studentane får skrivekurs og undervisning om kildesøk. Skrivekurset vert knytt til ei skriftleg oppgåve med obligatorisk innlevering.
Læringsutbytte
Felles læringsutbytte for barnevern, sosialt arbeid og vernepleie
Etter gjennomført emne har/kan kandidaten:
Kunnskap:
- Har brei kunnskap om den norske velferdsstatens historie, dagens velferdsmodell og kunnskap om menneskerettane sin plass i velferdsstaten.
- Kjenner til grunnleggjande etiske omgrep, har brei kunnskap om menneskerettane og yrkesetiske retningslinjene som gjeld for profesjonen.
- Har brei kunnskap om forvaltninga, verdigrunnlaget forvaltninga byggjer på og oppgåvedeling mellom dei ulike nivåa. Kunnskap om det rettslege grunnlaget for offentleg forvaltning, regjeringa si instruksjonsmynde og organisering.
- Har kunnskap om og kan gjera greie for grunnleggjande psykologiske omgrep og tenkemåtar.
- Har kunnskap om, og kan gjere greie for grunnleggjande sosiologiske omgrep og forståingar.
- Har kunnskap om og kan gjere greie for sentrale vitskapsteoretiske utfordringar og retningar, samt gjere greie for kjenneteikn ved forsking og vitskapelig kunnskap.
Ferdigheiter:
- Kan anvende sin kunnskap om tverrfagleg samarbeid, gjennom arbeid i tverrprofesjonelle studentgrupper.problemstilling.
Studiespesifikke læringsutbytte:
Etter gjennomført emne har/kan studenten:
Kunnskap:
- Kunnskap om sosialt arbeids historie, verdigrunnlag og samfunnsmandat.
- Kjennskap til sosialt arbeid som forskningsfelt.
- Kunnskap om kva som kjenneteiknar profesjonell kommunikasjon og forståing for kva slags faktorar som påverkar personleg profesjonalitet.
- Kunnskap om betydninga av kjønn i mellommenneskelig samhandling.
- Kunnskap om etnisitetsomgrepet, om ulike kulturomgrep samt migrasjonsprosessar
- Kunnskap om dei yrkesetiske retningslinjene som gjeld for profesjonen.
Ferdigheit:
- Kan planlegge og forberede en samtale med bruker
- Kan anvende relevante kjelder i skriftlig arbeid
- Kan samhandle med medstudenter
Generell kompetanse:
- Kunnskap om og forståing for ulike kunnskapsformer og modellar og korleis desse har påverka/og påverkar faget.
Krav til forkunnskapar
Opptak skjer på grunnlag av generell studiekompetanse eller realkompetanse etter vurdering.
Tilrådde forkunnskapar
Opptakskravet
Undervisnings- og læringsformer
Det vert nytta ulike undervisnings- og læringsformer i emnet: Førelesingar, seminar, arbeid i gruppe, rettleiing, munnleg og skriftleg framstilling, individuelt arbeid, ferdigheitstrening, digitale verktøy. Studentaktive læringsformer vert vektlagt. Biblioteket gjev opplæring i informasjonsinnhenting og kjeldebruk.
Obligatorisk læringsaktivitet
Individuelt arbeid:
- Ei (1) skriftleg oppgåve knytt til skrivekurset
- Ei (1) skriftleg oppgåve, omfang 1600 ord +/-10%. Det vert gjeve ei skriftleg tilbakemelding.
Minst 80% samla deltaking på seminar, undervisning og arbeidsgrupper:
- Obligatorisk deltaking i skriveseminar
- Obligatorisk deltaking i fleirfagleg arbeid med munnleg framlegging (TPS)
- Obligatorisk deltaking i undervisning og øvingar i temaet relasjonskompetanse og kommunikasjon
- Obligatorisk deltaking i studiespesifikke seminar knytt til etikk,sosialpolitikk, sosiologi, juss, stat og kommunalkunnskap
- Deltaking og etterarbeid i samband med forskingsdagane.
Alle arbeidskrav må vere godkjende før ein kan framstille seg til eksamen. Arbeidskrava er gyldige dei tre påfølgande semester.
Vurderingsform
Eksamen består av to deler, begge må vere bestått for at emnet skal vere greidd.
Del 1: 4 timars skuleeksamen. Individuell. Vekting 50% .
Ny eksamen
Går føre seg som ordinær eksamen.
Del 2: Mappeeksamen. Individuell.Vekting 50%.Eksamensmappa inneheld to oppgåver. Studenten har rett på ei skriftleg tilbakemelding undervegs i arbeidet med kvar av mappeoppgåvene.
Begge oppgåver må være greidd for å få greidd eksamen.
Ny eksamen
Dersom kandidaten får karakteren F på mappeeksamen, leverer kandidaten revidert utgåve av same oppgåve ved eit nytt eksamensforsøk. Dersom kandidaten får karakteren F ved andre forsøk skal det leverast ei ny oppgåve med ny problemstilling.
Vurderingsutrykk: A-F, der F svarar til ikkje greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
- Lovlege hjelpemiddel - alle