Hopp til innhald

SOS5-205 Praksis og refleksjon i sosialt arbeid

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Emnet er to-delt, og inneheld 16 veker klientretta praksis og ein studiespesifikk del med etterfølgjande eksamen. Etter avslutta praksis skal studenten ha undervisning i ulike tema der brukerinvolvert refleksjon over yrkesroller, praksis og teori blir vektlagt. Studentane legg fram erfaringar frå praksis under rettleiing av faglærarar. Fokus blir refleksjon knytt til ulike teoretiske perspektiv og studentane sine erfaringar frå praksis. I tillegg vil denne delen av emnet sette fokus på sosialt arbeid, formidling og påverknad. Studentane skal tileigne seg sosialpolitisk forståing og kunnskap om levekår og livskvalitet for utsette grupper og kunne kommunisere om kritikkverdige forhold. Media er ein sterk aktør som formidlar både personlege historier og kritikkverdige forhold i sektoren. I emnet får studentane kjennskap til korleis dei kan bruke medier som ein informasjonskanal og kanal for offentlig debatt.

Under praksisrefleksjonen skal studenten rette fokus på si eiga yrkesrolle og identitet. Studenten skal reflektere kritisk over erfaringar i praksis, eigen kunnskap ein har tileigna seg, samstundes som ein skal vere kritisk til eigen praksis.

Læringsutbytte

Etter gjennomført emne har/kan studenten:

Kunnskap:

  • kunnskap om praksisplassen sitt formål, faglege oppgåver, organisering og sentrale samarbeidspartar
  • kunnskap om sentrale perspektiv, metodar, omgrep og aktuell forsking som er relevante for sin praksis

Ferdigheiter:

  • kan vise evne til å nytte faglege verktøy, metodar og omgrep som er relevant i eit sosialfagleg arbeid, særskilt knytt til sin eigen praksis
  • nytte fagleg kunnskap på relevante problemstillingar knytt til praksis, og gjere greie for sine val på ein fagleg og sakleg måte
  • kan vise evne til refleksjon over eigne haldningar og si eiga fagleg utøving

Generell kompetanse:

  • kunne gje ei munnleg og skriftleg framstilling av faglege problemstillingar og løysingar som knyter teori til praksis
  • skilje mellom personlege og faglege verdiar, og utføre arbeidet på ein etisk forsvarleg måte.
  • arbeide sosialfagleg med brukarar i ulik kontekst
  • arbeide systematisk med fokus på brukarar sine ressursar og val
  • kunne gjere sjølvstendige faglege vurderingar, og grunngi desse i tråd med etiske krav og retningslinjer
  • identifisere, forstå og analysere sosiale problem og iverksette relevante tiltak

Etter gjennomført emne har/kan kandidaten:

Kunnskap:

  • om korleis sosialpolitikken påverkar råmene for prioriteringar i velferdstenestene og råmevilkår for utøvinga av sosialt arbeid

Ferdigheit:

  • reflektere over eigen fagleg ståstad
  • diskutere media si rolle i det sosialfaglege feltet og ha kjennskap til media som både informasjonskanal og debatt kanal
  • kunne drøfte og ha eit reflektert forhold til digitale informasjonskanalar
  • diskutere sosialpolitiske og sosialfaglege problemstillingar med kritisk blikk
  • formidle fagleg kunnskap i ulike fora
  • utvikle fagleg forståing for utfordringar i yrkesutøvinga

Generell kompetanse:

  • reflektere over ressursar, mulegheiter og utfordringar i møtet med både brukargrupper og ulike aktørar i feltet

Krav til forkunnskapar

Alle emne frå første studieåret må vere greidde. Studenten må ha opparbeidd seg eksamensrett i emnet sosialt arbeid - normalitet og avvik, og i emnet kommunalt barnevern.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesing, seminar, gruppearbeid, skriftleg og munnleg framlegging, individuelt studium og klientretta praksis. Studenten har yrkesretta arbeid på praksisplass, med rettleiing frå praksisfeltet og kontaktlærar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Det er to arbeidskrav i emne:

Krav om minimum 80% deltaking i obligatorisk undervisning:

  • Førebuing til praksis
  • Etterarbeid frå praksis
  • Undervisning, gruppearbeid, ferdigheitstrening og skriftleg oppgåve i praksisrefleksjon

Skriftleg arbeid i praksis:

  • Læreavtale
  • Sjølvvald pensum
  • Praksisoppgåve med ei skriftleg tilbakemelding
  • Praksisrapport med evaluering av læreavtale

Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldige i dei tre påfølgande semestra. Praksis og alle arbeidskrav i emnet må vere godkjente før ein kan framstille seg til eksamen.

 

Vurdering av praksis: Praksisen vert vurdert som greidd / ikkje greidd

I praksis vert studenten vurdert på grunnlag av:

  • Krav til nærver på praksisplassen
  • Praksisperioden er obligatorisk og fråver vert berre godteke i samband med sjukdom. I praksisperioden er maksimumsgrensa for fråver 10 dagar. Fråver utover dette må avtalast med høgskulen og praksisplassen. Det må også avtalast når og på kva måte eit eventuelt fråver over 10 dagar skal takast att. Dersom praksisopplæringa er delt i 2 periodar, må den første perioden vere fullført og godkjent før neste praksisperiode tek til.
  • Normer og reglar i arbeidslivet. Studenten skal vise respekt for normer og reglar i arbeidslivet og opptre i samsvar med desse.

GODKJENNING

Praksisrettleiar tilrår praksis godkjent/ikkje godkjent. Høgskulen vurderer arbeidskrav og avgjer endeleg godkjenning/ikkje godkjenning av praksis. Ved vurdering av praksis nyttast karakteren greidd/ikkje greidd.

VURDERING UNDERVEGS - TVIL OM GODKJENNING

"Studenten har krav på vurdering underveis i praksisstudiene, og skal halvveis eller senest 3 uker før avsluttet praksisperiode få skriftlig melding dersom det oppstår tvil om godkjenning. Meldingen skal angi hva studenten ikke mestrer, og hvilke krav som må oppfylles for å bestå praksisstudiene." "Studenten må ha bestått praksisstudiene for å kunne fortsette studiene.." (Utdrag frå Rammeplanen, fastsett 01.12.2005)

Om studenten i slutten av praksisperioden viser handling/åtferd som openbert ikkje gjev grunnlag for å bestå praksis, kan studenten likevel få karakteren ikkje greidd sjølv om tidlegare melding om tvil ikkje er gjeve.

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 4 timar. 

Vurderingsutrykk : A - F der F er ikkje greidd vurdering

Ny eksamen

Går føre seg som ordinær eksamen. 

Hjelpemiddel ved eksamen

  • Lovlege hjelpemiddel
    • Lovsamling. Ordliste.

Meir om hjelpemiddel