Hopp til innhald

SSB801 Språkutvikling og språklæring i barnehagen

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Vidareutdanningskurset «Barns språkutvikling og språklæring i barnehagen inkludert barn med norsk som andrespråk» er utvikla på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet, med bakgrunn i Kompetanse for framtidas barnehage strategi for kompetanse og rekruttering 2014-2020.

Tilbodet er retta mot barnehagelærarar/førskulelærarar som ønsker å lære meir om typisk språkutvikling hos eitt- og fleirspråklege barn, og om språkutvikling hos barn med særskilte behov. Det vil bli lagt vekt på å gje studentane solide kunnskapar om barns språktileigning, slik at dei kan gje god språkstimulering til alle barn, uavhengig av bakgrunn og funksjonsnivå. Det vil vere fokus på at språklæringa skal skje i meiningsfulle samanhengar, og at språket er ein sentral faktor i læring, kommunikasjon og i å skape gode sosiale relasjonar.

Gjennom studiet lærer du om:

  • barns språktileigning og -utvikling frå 0-6 år
  • typiske trekk ved språkutviklinga hos barn som har andre førstespråk enn norsk
  • avvikande språkutvikling
  • observasjon og kartlegging av barns språk
  • å kartleggje språkmiljø
  • gode måtar å arbeide med språkstimulering i ein meiningsfull kontekst på
  • ordlæring og språkleg medvit
  • utvikling av språkmiljøet i barnehagen
  • korleis forhold i dagens samfunn speler inn på språkmiljøet i barnehagen

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten har kunnskapar om:

  • Barns munnlege språkutvikling
  • Avvikande språkutvikling i barnehagen
  • Fleirspråkleg utvikling hos barnehagebarn
  • Ulike typar språkinnlæring
  • Språkstimulering i meiningsfylte samanhengar i barnehagen
  • Kva som utgjer eit godt språkmiljø
  • Ulike metodar å kartlegge språkutvikling og språkbruk på

 

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • Stimulere barns språkutvikling, uavhengig av bakgrunn og funksjonsnivå
  • Observere og utvikle språkmiljøet i barnehagen
  • Identifisere barn med avvikande språkutvikling og kunne sette i verk relevante tiltak
  • Vurdere og reflektere over ulike observasjons- og kartleggingsmetodar
  • Inkludere dei føresette og personalet i arbeidet med å skape eit godt språkmiljø

 

Generell kompetanse

Studenten:

  • Har innsikt i tilhøve som verkar inn på språkmiljøet i barnehagen, og kan reflektere kritisk rundt dei
  • Har innsikt i, og kan bruke, ulike former for språkstimulering for barn med ulike føresetnader
  • Kan kritisk vurdere språkstimuleringstiltak og rettleie andre i dei

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Studiet er eit samlings- og nettbasert deltidsstudium. Det vil vere obligatoriske samlingar, tre om hausten og to om våren. Desse samlingane finn stad på campus i Bergen og strekker seg over to dagar. I tillegg er det samlingar på nett kvart semester. Du vil òg vere del av ei nettbasert studiegruppe. Høgskulens studiestøttesystem Canvas vil bli nytta til generell og fagleg informasjon mellom lærarar og studentar, til innlevering av tekstar og til diskusjonar og samarbeid mellom studentar.

Studiet er organisert som ei blanding av samlingar, sjølvstudium, arbeid i studiegrupper, arbeid gjennomført på eigen arbeidsplass, og arbeid på nett. Læringsarbeidet søkjer å knyte saman studentane sine erfaringar frå praksis med relevant teori. Det inneber òg at studentane vekslar mellom å vere mottakar, aktiv deltakar, rettleiar for medstudentar og observatør. Samlingane vil bli sett saman av førelesingar og gruppearbeid, samt studentframlegg, samtalar og erfaringsutveksling.

Obligatorisk læringsaktivitet

I tillegg til obligatorisk frammøte på samlingane (minst 80 %) er det fire arbeidskrav, som er knytte til arbeid på eigen arbeidsplass.

  • Å skildre språkutviklinga til eitt barn på eigen arbeidsplass gjennom heile studieåret
  • Presentasjon av god praksis munnleg framlegg
  • Lage prosjektplan for det pedagogisk utviklingsarbeidet (= krav 4)
  • Gjennomføre eit pedagogisk utviklingsarbeid med særskilt fokus på språkmiljø/språkstimulering på eigen arbeidsplass.

Retningslinjer for arbeidskrava blir gjort kjende ved studiestart.

Arbeidskrava må vere bestått for å kunne gjennomføre eksamen. Godkjente arbeidskrav er gyldige i to år etter godkjenninga, og så framt det blir nytta same eksamensformer.

Vurderingsform

Deleksamen, med ei  individuell oppgåve og ein munnleg eksamen i gruppe.

Individuell oppgåve utgjør 60 % av endeleg karakter, og munnlig eksamen utgjer 40 % av den endelege karakteren.

Begge delar må være greidd for å få karakter i emnet. Dersom du ikkje greier den eine av delane, må begge delar takast som ny eksamen.

Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.

Individuell oppgåve

Rapport frå det pedagogiske utviklingsarbeidet, maks. 10 sider. Tid for innlevering blir gitt på Studentweb og digitalt eksamenssystem. 

Munnleg eksamen i gruppe, 30 minutt.

Tid og stad for eksamen blir gitt på Canvas. 

Det blir gitt individuell karakter.

Ny/utsett eksamen foregår som individuell eksamen.

Fagleg overlapping

  • MPUV501A - Spesialpedagogikk 1 - Generelle lærevanskar - Reduksjon: 15 studiepoeng