SØ6-1000 Samfunnsøkonomi makro
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
- målsettingar for den økonomiske politikken
- nasjonalrekneskap. Sentrale makroøkonomiske omgrep og samanhengar
- dei ulike komponentane som utgjer BNP
- BNP som velferdsmål
- Grunnleggande Keynesmodellar for ein lukka økonomi for å forklara.konsekvensane av etterspurnadsbestemt konjunkturnedgang og makroøkonomisk politikk (penge- og finanspolitikk)
- ulike typar arbeidsløyse
- prisindeksar
- etterspurnaden etter pengar. Tilbodet av pengar. Likevekta i pengemarknaden.
- valuta
- inflasjon og kostnader ved inflasjon
- Pengepolitikk
- kjøpekraftsparitet
- kvantitetsteorien
- udekka renteparitet
- IS-MP-modellen for ein open økonomi: Likevekt i vare- og pengemarknaden.
- økonomisk vekst
- Den kortsiktige og langsiktige Phillipskurva.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Kurset har som mål at studenten skal
- Kjenna grunnleggande makroøkonomiske data frå nasjonalrekneskapen.
- Kjenna andre sentrale makroøkonomiske data som prisindeksar og tal for arbeidsløyse og sysselsetting.
- Kjenna grunnleggande teoriar for den samla etterspurnaden etter varer og tenester, herunder Keynesiansk teori.
- Kjenna til korleis penge- og finanspolitikk påverkar samla etterspurnad.
- Kjenna til norsk penge- og finanspolitikk.
- Kjenna til kva som kan vera årsakene til økonomiske kriser og bruken av verkemiddel under ei krise.
- Kjenna dei viktigaste teoriane for korleis arbeidsmarknaden fungerer og kva faktorar som påverkar lønsnivå og lønsutvikling.
- Kjenna ulike teorier for kvifor me har arbeidsløyse.
- Kjenna til korleis samspelet mellom tilbodet og etterspurnaden skapar konjunkturar og påverkar inflasjon og lønsutvikling.
- Kjenna dei ulike transmisjonskanalane for pengepolitikken og forstå korleis desse verkar.
- Kjenna til bruken av rentereglar i pengepolitikken.
- Kjenna til trekk ved utforminga av det moderne finanssystemet.
- Kjenna til grunnleggande teoriar for samanhengen mellom renter, prisar og valutakursar.
- Kjenna til og forstå korleis økonomisk vekst påverkar velstand og velferd.
- Kjenna til korleis sparing, folketalsvekst og teknologisk utvikling skapar økonomisk vekst, slik dette er formulert i Solow-modellen.
Dugleikar
Studentane skal ved endt kurs
- Finna frem til og tolka økonomiske data.
- Kunne nytta ein modell til å forstå korleis ulike hendingar påverkar aggregert etterspurnad. Dei skal forstå korleis me kan bruka penge- og finanspolitikken for å stabilisera økonomien.
- Kunne nytta ein modell for aggregert tilbod og etterspurnad for å forstå konjunkturrørsler og verknaden av inflasjonsmålet.
- Kunne nytta vekstmodellen for å visa korleis kapitalakkumulasjon, folketalsvekst og teknologisk utvikling verkar inn på den økonomiske veksten.
- Forstå makroøkonomiske nyhende og analyser og kunne tolka desse på bakgrunn av makroøkonomisk teori.
Generell kompetanse
- Gjera bruk av abstrakte modellar
- Forstå grunnleggande makroøkonomiske omgrep og kunne gjennomføra enkle økonomiske analysar
- Reflektera kritisk over økonomiske hendingar
Tilrådde forkunnskapar
ME6-1000 Matematikk for økonomar eller tilsvarande.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar med gjennomgang av teori og oppgåver
Obligatorisk læringsaktivitet
Eitt arbeidskrav.
Vurderingsform
Ein skriftleg skuleeksamen på 4 timar.
Bokstavkarakter.
Hjelpemiddel ved eksamen
Kalkulator
Meir om hjelpemiddel