VBB100 Vurdering av barnets beste
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhold og oppbygning
Studiet er samlingsbasert. Det er lagt opp til seks samlingar, à tre dagar frå onsdag til fredag, fordelt på to semester. Tre samlingar haust og tre samlingar vår.
Hovudtema for samlingane: Samling 1: Profesjonell kompetanse og vurdering av barns beste med fokus på kritisk refleksjon Samling 2: Barnesyn og barns medverknad Samling 3: Omsorgsvurdering og barns utvikling. Barn og familiar i kontekst Samling 4: Kunnskapsgrunnlag og avgjerdsprosessar i barnevernstenesta Samling 5: Styrking av fagleg skjøn i ulike fasar av ei barnevernssak Samling 6: Oppfølging av barn plassert utanfor heimen, ettervern og avslutning av barnevernssaker
Læringsutbytte
En student med fullført emne skal ha følgende totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten...
- har inngåande kunnskap om barnevernets heterogene kunnskapsgrunnlag og tverrfaglige perspektiv.
- har spesialisert innsikt i barnevernsfaglege vurderingar og avgjerder.
- har inngåande kunnskap om det juridiske og tverrfaglege kunnskapsgrunnlaget som inngår i skjønnsutøvinga ved vurdering av barnets beste.
- har avansert kunnskap om ulike barnesyn og forhold som fremjar barns medverknad og medbestemming.
- har spesialisert innsikt i sentral forsking om omsorgsvurderingar og tydninga av ei heilskapleg forståing av barn og foreldre.
- har inngåande kunnskap om barnevernets maktposisjon og strukturar som kan bidra til avmakt.
Ferdigheiter:
Studenten...
- kan gjennomføre heilskaplege omsorgsvurderingar ved å analysere og vurdere barnets beste i lys av aktuelle teoriar og metodar.
- kan analysere og halde seg kritisk til ulike kunnskapskjelder og bruke desse for å ta ei avgjerd til barnets beste.
- kan gjere seg nytte av relevante metodar for å styrke, grunngje og dokumentere den faglege skjønnsvurderinga.
- kan samarbeide med barn og foreldre og andre tenester ved innhenting av informasjon og vurdering av tiltak.
- kan på ein sjølvstendig måte bruke kunnskapsbaserte metodar for å fremje barn og foreldres høve til innverknad og styring av eige liv.
Generell kompetanse:
Studenten...
- kan analysere etiske problemstillingar knytt til utgreiingar og avgjerder om barns omsorgssituasjon.
- kan nytte avansert kunnskap om barn og unges utvikling og foreldres situasjon i arbeid med komplekse omsorgsvurderingar.
- kan sette seg inn i og reflektere kritisk over vitskapleg kunnskap.
- kan formidle eit sjølvstendig arbeid og meistre uttrykksformar om barns omsorgsituasjon og foreldres omsorgskompetanse.
- kan kommunisere om faglige dilemma, uvisse og tvil i vurderingar av barns omsorgssituasjon.
- har en analytisk medvit og kan utøve kritisk refleksjon og etisk dømmekraft i vurderingar av barnets beste.
Krav til forkunnskaper
3-årig bachelorgrad eller tilsvarande høgare utdanninga (180 sp)
Undervisnings- og læringsformer
Undervisningsformene vekslar mellom førelesning og arbeid i lærarstyrte grupper. I gruppearbeida vil studentane reflektere over og drøfte praksisrelevante kasus og eigne erfaringar frå praksis i lys av ulike teoriar og tverrfaglege perspektiv på barnets beste.
Obligatorisk læringsaktivitet
For å framstille seg til eksamen må følgjande arbeidskrav vere godkjent:
- møtt fram til 80 % av undervisninga
- deltaking i seminar og presentasjon av eige arbeid i grupper under samlingane
- levere inn ei skriftleg oppgåve med eit omfang på 3000 ord i haustsemesteret basert på eigne erfaringar med i ei barnevernssak. Studenten får rettleiing av faglærar og får tilbakemelding frå medstudentar.
- levere inn ei skriftleg oppgåve i vårsemesteret på 3000 ord knytt til skjønsvurderingar under arbeid med barnevernssaker. Studenten får rettleiing av faglærar og får tilbakemelding frå medstudentar.
Dei to skriftlege oppgåvene må godkjennast av programansvarleg. Dersom ei oppgåve ikkje blir godkjent, har studenten rett til å levere oppgåva på nytt ein gong innan ein oppgjeven tidsfrist. Dersom oppgåva då ikkje vert godkjent, misser studenten retten til å framstille seg til eksamen.
Vurderingsform
Sluttvurderinga er todelt:
- Skriftleg individuell heimeeksamen over 10 dagar. Studenten skriv ei oppgåve knytt til ei problemstilling og fagleg utfordring frå eigen arbeidssituasjon med tema vurdering av barnets beste. Studenten skal på bakgrunn av eigne erfaringar og pensumlitteratur kaste lys over og drøfte vald problemstilling. Oppgåva skal ha eit omfang på 5000 ord. Karakter blir publisert på StudentWeb 24 timar før justerande munnleg eksamen.
- Justerande munnleg eksamen, 30 min. Eksaminasjonen tek utgangspunkt i heimeoppgåva og kandidaten blir hovudsakleg prøvd i tema som er behandla i det føregåande skriftlege arbeidet. Det vil og bli lagt vekt på studenten si evne til å trekkje vekslar på kunnskap i studiet elles.
Heimeeksamen må ha karakteren E eller betre for at studenten kan framstille seg til munnleg eksamen. Den munnlege prøva kan justere karakteren på heimeeksamen opp eller ned med maksimalt ein karakter. Ved justerande munnleg kan det berre klagast på formelle feil. Ved klage på karakterfastsetting på heimeeksamenen, må justerande munnleg eksamen gjennomførast på nytt.
Vurderingsuttrykk
Karakterskala A-F, der A-E er beståtte karakterar og F er ikkje bestått.
Ny eksamen
Ved ikkje greidd eksamen må skriftlig del bearbeidast og leverast på nytt med påfølgjande justerande munnleg eksamen.
Hjelpemidler ved eksamen
Skriftleg individuell heimeeksamen: Alle hjelpemiddel er lov
Mer om hjelpemidler