Hopp til innhald

VPL5-211 Vernepleiaren som miljøarbeidar

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Emnet handlar om kunnskap og ferdigheiter i arbeid med personar med kognitive vanskar. Det vert særleg vektlagt at studenten skal øve seg i å arbeide kunnskapsbasert, samt få innføring og trening i å anvende ulike metodar som kan nyttast i miljøarbeid og miljøterapeutisk arbeid.

Læringsutbytte

Etter fullført emne skal kandidaten ha:

Kunnskap :

  • kunnskap om etiske teoriar og refleksjonsprosessen
  • kunnskap om metodiske tilnærmingar i miljøarbeid, som grunnlag for systematisk arbeid saman med tenestemottakar
  • kunnskap om kva som hemmar og fremjar sjølvbestemmelse, samt kan gjere greie for sentrale problem knytt til samtykke-kompetanse
  • kjenne til forskings- og utviklingsarbeid kring funksjonshemming, og kan oppdatera sin eigen kunnskap
  • kjenner til velferdsteknologi for tenestemottakarar

Ferdigheiter:

  • Har evne til etisk refleksjon
  • Kan kommunisere med personar med nedsette kommunikasjonsferdigheiter.
  • Kan bidra til deltaking, sjølvråderett og personleg vekst for personar med kognitiv svikt
  • Kan etablere likeverdig kommunikasjon og samspel prega av respekt og empati.
  • Kan planlegga og gjennomføra sosiale aktivtetar og bevegelse åleine eller som medlem i ei gruppe
  • Kan planlegga faglege tiltak, som fremjar tenestemottakarar sine mål
  • Kan søka og vurdere informasjon og fagstoff, slik at dette er relevant for ei fagleg problemstilling i miljøterapeutisk arbeid

Generell kompetanse:

  • kan arbeide kunnskapsbasert, identifisere behov, gjennomføre og evaluere intervensjon av miljø som har normale levekår som mål, og er i samsvar med tenestemottakar sine ønskjer og behov
  • kan utveksla synspunkt, erfaringar samt formidla fagstoff om relevante faglege problemstillingar, både skriftleg og munnleg

Krav til forkunnskapar

Alle emner frå første studieår må vere greidd

Studenten må ha opparbeidd seg eksamensrett i:

  • VPL5-209 Helsefag
  • VPL5-210 Praksisopplæring innan helsefagleg arbeid 

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Det vert nytta ulike undervisnings- og læringsformer i emnet: førelesingar, seminar, arbeid i gruppe, rettleiing, munnleg og skriftleg framstilling, individuelt arbeid, ferdigheitstrening og bruk av digitale læringsverktøy.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Krav om minimum 80% deltaking i obligatorisk undervisning i kvart emne:
    • Kommunikasjon med menneske med utviklingshemming
    • Sosialt nettverk
    • Jus seminar
  • Eit arbeidskrav med ein skriftleg og ein munnleg del

Alle arbeidskrav må vera godkjende for å kunne framstille seg til eksamen 

Vurderingsform

Individuell munnleg eksamen.

Vurderingsutrykk A  -F der F er ikkje greidd vurdering

Ny eksamen:

Går føre seg som ordinær eksamen

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen.

Meir om hjelpemiddel