ALB801 Aktive lærande barnehagebarn
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Det er berre deltakarar på ACTNOW som kan søke plass på kurset.
Studiet er bygd opp rundt desse innhaldselementa:
- Utviklingsarbeid i barnehagen (utvikle barnehagen som kollektivt system)
- Didaktikk, pedagogikk og tilrettelegging for fysisk aktivitet/kroppsleg leik i barnehagen
- Motorisk og kognitiv utvikling
- Fysisk aktivitet, leik og læring
- Fysisk aktivitet, helse og livsmeistring
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten:
- har inngåande kunnskap om korleis ein driv utviklingsarbeid i barnehagen
- har kunnskap om fysisk aktivitet i eit førebyggjande og helsefremmande perspektiv
- har inngåande kunnskap om leik (fri leik, rettleia leik og leikbasert læring)
- har teoretisk kunnskap om korleis ulike typar fysisk aktivitet/kroppsleg leik påverkar barn si utvikling og helse
- har inngåande kunnskap om barn si motoriske, sosio-emosjonelle og kognitive utvikling
Ferdigheiter
Studenten:
- kan leie dialogar om faglege utfordringar i personalgruppa
- kan leggje til rette for fysisk aktivitet gjennom heile barnehagekvardagen
- kan leggje til rette for, støtte og utvikle barn sin fysisk aktive leik
- kan integrere fysisk aktiv leik og fagområda i Rammeplanen
- kan kritisk reflektere over eigen praksis
Generell kompetanse
Studenten:
- har endrings- og utviklingskompetanse
- kan leie eit utviklingsarbeid i barnehagen
- kan planleggje, gjennomføre, evaluere og reflektere over eigne tiltak for fysisk aktivitet i barnehagen
- er bevisst eiga rolle for fremming av fysisk aktivitet i barnehagen
Krav til forkunnskapar
Barnehagelærarutdanning/førskulelærarutdanning
Tilsette med lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, eller praktisk-pedagogisk utdanning) er óg kvalifiserte. Andre tilsette i barnehagane med anna relevant 3-årig bachelorutdanning utan PPU kan søkje opptak.
Deltakarane i utdanninga må delta i kompetanseutviklinga i forskingsprosjektet ACTNOW i studieperioden.
Undervisnings- og læringsformer
Samlingar på høgskulen og lokalt i barnehagane. Nettundervisning. Arbeidsoppgåver i personalgruppa. Teoretiske oppgåver og praktiske oppgåver.
Obligatorisk læringsaktivitet
Emnet har to arbeidskrav.
Arbeidskrav 1
Frammøte og gjennomføring av aktivitetane i kompetanseutviklinga i forskingsprosjektet ACTNOW:
- 2-dagars samling
- 2 undervisingsdagar i eigen barnehage
- 2 personalmøte
- 2 dagar erfaringsdeling mellom barnehagar
- Utprøving av aktivitetar i barnehagen
- Utarbeiding av plan/skisser for eigen barnehage
Arbeidskrav 2
Refleksjonsnotat kring utviklingsarbeidet i barnehagen, modellen for fysisk aktivitet som er utvikla, og vegen vidare
Skriftleg innlevering og tilbakemelding.
Vurderingsform
Praktisk gruppeeksamen. Studentane får ei gruppeoppgåve som skal løysast og presenterast munnleg, med avsluttande samtale.
Greidd/ikkje greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemidlar tilet.
Meir om hjelpemiddel