BØ6-2004 Anvendt finans
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Sentrale emne:
- Avkasting og risikomål for porteføljer
- Systematisk og usystematisk risiko
- Marknadseffisiens og -ineffisiens
- Relevant risiko og kapitalkostnad
- Eigenkapital- og totalkapitalavkastingskravet til eksisterande selskap/nye selskap
- Gjeldsgrad og risiko
- Gjeldsgrad og selskapsverdi i perfekte kapitalmarknadar
- Skattesystemet (eitt- og toleddsskatt) sin innverknad på verdien av eit selskap
- Opsjonsverdi rekna ut med den binomiske opsjonsprismodellen og Black-Scholes-modellen
Læringsutbytte
Kunnskapar
Etter å ha fullført emnet skal studenten ha kunnskapar om
- porteføljer og risiko
- føresetnader som ligg til grunn for risikovurdering av investeringsprosjekt
- gjeldsgrad og selskapsverdi i perfekte og imperfekte finansmarknader
- opsjonar og verdsetjing av desse
Dugleikar
Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne
- rekne ut forventa avkasting og risikomål for porteføljer av verdipapir
- rekne ut eigenkapital- og totalkapitalavkastingskravet til eksisterande selskap/nye selskap
- nytte kapitalverdimodellen, samt rekne ut avkasting ved bruk av noverdiutrekningar
- rekne ut verdien av ein opsjon ved hjelp av både den binomiske opsjonsprismodellen og Black-Scholes-modellen
Generell kompetanse
Etter å ha fullført emnet skal studenten
- forstå omgrepa systematisk og usystematisk risiko
- forstå kva som er vilkåra for marknadseffisiens og kva som kjenneteiknar marknader med ulik grad av ineffisiens
- forstå kapitalverdimodellen si rolle i fastsetjing av avkastingskrav
- forstå korleis selskapet si gjeldsgrad påverkar verdien av selskapet
- forstå opsjonar og verdsetjing av desse
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Tilrådde kunnskapar: Investering og Finansiering (BØ6-1002), Matematikk for økonomar (ME6-1000) og Statistikk (ME6-1001), eller tilsvarande.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar med gjennomgang av teori og oppgåver.
50% av undervisninga er fellesundervisning med emnet EM6-2005 Anvendt finans for eiendomsmarkedet.
Obligatorisk læringsaktivitet
Inntil to arbeidskrav som skal løysast individuelt eller i grupper.
Vurderingsform
Skriftleg eksamen, 4 timar.
Bokstavkarakter.
Hjelpemiddel ved eksamen
Programmerbar kalkulator og utdelt formelark.
Meir om hjelpemiddel