BARN100 Barnevernspedagogen sitt fag og yrkesfelt
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
I dette emnet vert studentane introdusert for barnevernspedagogen si yrkesrolle i samfunnet. Emnet omhandlar barnevernets historie, verdigrunnlag, organisering, rammer og samfunnsoppdrag. Studentane får møte barnevernspedagogar frå praksisfeltet og brukarar med erfaring frå barnevernet, gjennom brukarorganisasjonar. Vidare vert studentane tilbydt undervisning i FNs barnekonvensjon, og tydinga av barn sin rett til medverknad og deltaking. Gjennom praktiske øvingar kan studentane tileigne seg kunnskap og økt medvit om eigen relasjonskompetanse i møte med andre.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten…
- har kunnskap om barnevernets historie, ansvars- og oppgåvefordeling i velferdsforvaltninga
- har kjennskap til FNs barnekonvensjon
- har kjennskap til relevante fagdebattar i barnevernet
- har kunnskap om tydinga av barns deltaking og barns rettar
- har kunnskap om samars rettar som urfolk
- har kjennskap til tydinga av tverrfagleg, tverretatleg og tverrprofesjonelt samarbeid i barnevernet
- har kjennskap til barnevernspedagogens yrkesetiske grunnlagsdokument
- har kjennskap til omgrepa «Barns beste», omsorg og oppdraging, og kan beskrive kva som ligg i omgrepet omsorgssvikt
Ferdigheiter:
Studenten …
- kan reflektere over eiga samhandling i møte med andre
Generell kompetanse:
Studenten …
- har innsikt i barnevernspedagogen sitt samfunnsmandat, fag og yrkesfelt, og tenestetilbodet til utsatte barn, unge og deira familiar
Krav til forkunnskapar
Emnet er berre ope for studentar som har fått opptak på bachelor i barnevern.
Undervisnings- og læringsformer
Undervisnings og læringsformer vekslar mellom førelesingar, seminar, ferdigheitstrening i kommunikasjon og relasjonsarbeid og rettleiing i basisgrupper.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgande obligatoriske læringsaktivitet må vere godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:
- 80 % frammøte i studentaktiv- og erfaringsbasert undervisning knytt til ; kurs i kommunikasjon og relasjon, skrivekurs, basisgruppearbeid og møte med profesjonen og andre brukerorganisasjoner
- Eit refleksjonsnotat knytt til kurs i kommunikasjon - og relasjon. Omfang: 1000 ord (+/- 10%). Dersom refleksjonsnotatet ikkje blir godkjent kan studenten levere ei omarbeida utgåve.
- Innlevering av tekst til rettleiing i basisgrupper innan gitt frist. Teksten skal knytte seg til eksamensoppgåva og ha eit omfang 800 - 1000 ord
Godkjende læringsaktvitetar er gyldig i 3 semester.
Vurderingsform
Eksamen
Skriftleg individuell oppgåve. Omfang: 2500, +/- 10% Tid og stad for eksamen, sjå Studentweb.
Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A-F, der A til E er bestått karakter og F er ikkje bestått.
Ny eksamen
Ved ikkje bestått (karakter F) leverer studenten ei omarbeida skriftleg oppgåve til ny eksamen. Dersom kandidaten får karakteren F ved ny eksamen, skal studentane få oppgåve med ny problemstilling ved neste ordinære eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- BVP5-105 - Sosialpedagogisk introduksjon - Reduksjon: 7,5 studiepoeng