BI436 Grønstruktur og urban vegetasjon
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Emnet gjev forståing for verdien av og funksjonane til urban grønstruktur, og øving i utforming av grøntanlegg. Det vert gjeve teoretisk innføring i grønstruktur og grøntanlegg, og teoretisk og praktisk kunnskap om lignoser og andre planter som er vanlege i norske grøntanlegg. Bruk av invaderande, framande arter vert problematisert, og det vert lagt vekt på å fremje bruk av egna viltveksande arter.
Læringsutbytte
Kunnskap om:
- ulike typar av urbane grøne område
- funksjonane til og verdien av urban grønstruktur.
- hovuddraga i den historiske utviklinga av parkar og grøntanlegg.
- grunnprinsippa for utforming av grønstruktur og grøntanlegg.
- dei klimatiske og økologiske krava og bruksområda til vanlege planter i norske grøntanlegg.
- risikoen ved å nytte invaderande framande artar i grøntanlegg, og ville planter som kan nyttast som alternativ
Ferdigheiter
- Kunne identifisere om lag 200 taxa (arter/slekter) av prydplanter som vert nytta i grøntanlegg i Norge, med hovudvekt på lignoser.
- Kunne velje egna planter til grøntanlegg ut frå eigenskapar ved staden og bruken av anlegget.
Kompetanse
- Evne å vurdere innhald i og utforming av grøntanlegg.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
BI424 Botanikk grunnkurs
PL424 Rom og design
GE413 Kartlære og GIS
BI445 Økologi
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, øvingar, ekskursjonar, prosjektoppgåve i utforming av grøntanlegg.
Obligatorisk læringsaktivitet
Deltaking på ekskursjonar. Øvingsoppgåver med munnleg og skriftleg presentasjon.
Vurderingsform
Prosjektoppgåve i grupper, 60 %
Artsprøve (1t), 40 %
Bokstavkarakter A- F
Hjelpemiddel ved eksamen
Liste over pensumplantar
Meir om hjelpemiddel