BI445 Økologi grunnkurs
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Kva er økologi og korleis kan vi bruke det til å forstå naturen og samfunnet? Emnet er strukturert etter læreboka og omhandlar
- Naturhistorie og evlousjon
- Tilpassingar til miljøet
- Populasjonsøkologi
- Økologiske interaksjonar
- Økologiske samfunn og økosystem
- Storskala økologi
I kva seksjon er målet å belyse grunnleggande økologiske prinsipp og teori saman med dømer som er relevante for ein norsk kontekst og som er anvendte og bruksretta. På denne måten spenner det emnet frå grunnleggande til anvendt økologi på tema som er relevante for studentar innan miljøvitskap.
Læringsutbytte
Kunnskap
- grunnleggande økologi og økologiske prosessar og funksjonar
- betydninga av biologisk mangfald
- global endringsøkologi
- anvendt økologi
Ferdigheiter
- bruke økologi for å forstå naturen
- skrive og bruke terminologi og økologi for å forklare og utforske ulike økologiske fenomen
- bruke økologisk kunnskap til å løyese grunnleggande og anvendte oppgåver
Generell kompetanse
- Formidle økologisk kunnskap, analysar og konklusjonar
- Anvende økologi i naturforvaltining og planlegging
- Forstå betydninga av økologisk kunnskap for å løyse lokale og globale utfordringar i tidsepoken Antropocen
- Ha god nok grunnkunnskap i økologi til å kunne studere vidare innan miljøvitskapane
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, lab og studentaktiv læring
Obligatorisk læringsaktivitet
Delta på lab og godkjent labrapport
Delta på ekskursjonar
Delta på seminar
Vurderingsform
Semesteroppgave (40%)
Skriftleg eksamen, 4 timar (fleirvalstest; 60%)
Karakterskala: A-E/F (stryk)
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel