BO6-2008 Praksisbasert bacheloroppgåve Eiendomsmegling
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Praksis i bedrift med individuell oppgåve. Emnet er sett saman av eit sjølvstendig skriftleg arbeid knytt til praksis. Studenten får rettleiing på oppgåva.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Studenten
- har brei kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, og metodar innan dei økonomisk-administrative fagområda
- kan utøve ei kritisk forståing av kunnskap og kunnskapsutvikling innan dei økonomisk-administrative fagområda
Ferdigheiter
Studenten
- kan greie ut ei fagleg problemstilling,
- kan finne, velje ut og fordjupe seg i relevant teori for ei problemstilling
- kan vurdere, og velje ut, relevante metodar for å finne svar på ei problemstilling
- kan planleggje og gjennomføre innhenting av empiriske data og bearbeide desse
- kan analysere data og diskutere funna opp mot teori
- kan vurdere funna og kome fram til ein konklusjon
- kan planleggje og gjennomføre eit prosjekt med avgrensa ressursar
- kan med utgangspunkt i eigen praksis greie ut ei fagleg problemstilling
- kjenner forskingsetiske problemstillingar og korleis desse skal takast omsyn til i fagleg utgreiingsarbeid.
Generell kompetanse
Studenten
- har utvikla innsikt i relevante problemstillingar innan det økonomisk-administrative fagområdet
- kan planleggje og gjennomføre faglege utgreiingsarbeid med avgrensa ressursar,
- kan lage ei skriftleg fagleg konsistent utgreiing innanfor det økonomisk-administrative fagområdet.
Krav til forkunnskapar
ME6-1002 Samfunnsvitskapeleg metode og ME6-1001 Statistikk. Berre studentar som har avlagt minst 120 studiepoeng på studiet har høve til å gjennomføre bacheloroppgåva. Emneansvarleg kan gje dispensasjon etter skriftleg søknad for andre studentar til å gjennomføre emnet.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Det er studenten sitt ansvar å finne og avtale praksis med ein arbeidsgjevar. Høgskulen skal godkjenne praksisplassen. Oppgåva som er knytt til praksis, er eit sjølvstendig arbeid. Rettleiing blir gjeve etter avtale med tildelt rettleiar. Utgangspunktet for rettleiinga skal vere skriftleg materiale frå studenten.
Obligatorisk læringsaktivitet
Obligatorisk oppmøte og deltaking på to seminar. Studentane skal levere skriftleg arbeid til kvart seminar. Det eine skriftlege arbeidet er eit forprosjekt til bacheloroppgåva. Det andre skriftlege arbeidet er ein plakatpresentasjon av bacheloroppgåva. Både forprosjekt og plakatpresentasjon skal følgje oppgitte malar og skal ferdigstillast til gitte tidsfristar.
Vurderingsform
Sluttvurdering
Individuell innlevering av skriftleg arbeid. Bokstavkarakter.
Ved stryk (kontinuasjon): Kandidaten leverer ein forbetra versjon av bacheloroppgåva og får tilbod om ein time rettleiing. Ved stryk på andre forsøk, må oppgåve med ny problemstilling leverast.
Forbetring av karakter: Heile emnet må takast opp att med ny problemstilling.