BRL101 Utvikling og drift av ei reiselivsverksemd I
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Innhold og oppbygging:
Emnet inneheld to delar: ein del innan rekneskap og ein del innan forretningsplan.
I rekneskapsdelen skal studentane gjerast i stand til sjølve å kunna føra ein enkel rekneskap.
I forretningsplandelen skal studentane kunne utarbeida ein forretningsplan for ei reiselivsverksemd.
Læringsutbytte
Kunnskap.
Studentane kjenner:
- føremålet med ein finansrekneskap
- standard kontoplan
- samanhengen mellom transaksjonar og deira innverknad på resultat og balanse
- omgrepa utgifter, kostnader, utbetalingar, inntekter og innbetalingar
- Økonomifunksjonen si rolle og plass i bedrifta og kan drøfta dei grunnleggande draga ved den økonomiske styringa av verksemda.
- korleis ein forretningsplan er utforma
Dugleikar
Studentane kan:
- bokføra dei mest vanlege transaksjonane; mellom anna meirverdiavgift
- gjera vanlege periodiseringsposteringar
- føreta årsoppgjer med enkle posteringar i samband med årsoppgjeret og disponering av resultat i enkeltpersonføretak
- stilla opp ein forretningsplan for ei verksemd
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
BØ6-1012 Innføring i bedriftsøkonomi og rekneskap for reiselivet
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, øvingar med Excel
Obligatorisk læringsaktivitet
Ingen
Vurderingsform
6 timar heimeeksamen
Bokstavkarakter.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel