BRL103 Friluftsliv og naturguiding I
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Gjennom teoretisk og praktisk undervisning skal studentane tileigne seg basiskunnskap om friluftsliv. I friluftslivsundervisninga blir det lagt vekt på basisfriluftsliv som turplanlegging, orientering, leirliv og bruk av utstyr samt kjennskap om ferdsel på bre, kanopadling, livredning i vann med HLR prøve og naturkjennskap.
Undervisninga i naturkjennskap er gjennomgåande og føregår både i praktisk undervisning ute i felt og teoretisk. Naturkjennskap er delt i tre delar. I vegetasjonslæra blir det fokusert på kva som veks i dei ulike vegetasjonssonene i naturen samt kunnskap om enkelte planter, tre, lav og mosar. I geologien legg ein vekt på landskapsutvikling og landformer i Noreg, indre og ytre geologiske prosesser. Den siste delen, glasiologi, omhandlar kunnskap om brear og bretypar.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten har:
- kjennskap til naturguiding og gruppeprosessar i naturen.
- kunnskap om grunnleggande friluftsliv som kjenneteiknar nærmiljøet i regionen, t.d. i fjell og på fjorden.
- grunnleggande naturkjennskap. Vegetasjonslære, geologi og glasiologi.
- grunnleggande forståing for korleis menneske har vore med å forma kulturlandskapet.
Ferdigheiter
Studenten kan/har:
- grunnleggande ferdigheter i friluftsliv som turplanlegging, orientering, leirliv, mat på tur, førstehjelp og bruk av utstyr.
- grunnleggande ferdigheter knytt til fleirdagarsturer i skogen og på fjellet, kanopadling, ferdsel på bre.
- bruke grunnleggande friluftsliv og naturkjennskap inn i rolla som naturguide.
- praktiske erfaringar med gruppeprosessar og korleis desse verkar inn på læring og opplevingar.
Generell kompetanse
Studenten har/kan:
- kjennskap og erfaringar med Norske friluftslivstradisjonar og prinsippet om tur etter evne.
- reflektere kritisk rundt korleis naturen vert nytta både i høve til ikkje-kommersielle og kommersielle aktivitetar.
- reflektere over samanhengar mellom mestring, samhandling, læring og opplevingar.
- kjennskap til bruk av fagblogg som digitalt læringsverktøy.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesningar, gruppearbeid og individuelt arbeid. Lærestoffet skal så langt som råd bli integrert og erfart i den praktiske undervisninga. Blogg blir brukt i samband med ekskursjonar.
Ekskursjonar
- Introtur, 3-4 dager
- Naturkjennskap, 3 enkeltdagar
- Breundervisning (del 1 av NF- grunnkurs bre), 4-5 dagar
- Skogstur, 5-7 dagar
- Fjelltur, 5-7 dagar
Obligatorisk læringsaktivitet
- Gjennomføre og bestå ekskursjonane
- Obligatorisk oppmøte til all praktisk undervisning
- Studentane skal levere fagblogg etter kvar tur
- Gjennomført livredning i vann og HLR i felt
Alle 4 arbeidskrav skal være bestått for å kunne gå opp til eksamen.
Vurderingsform
Individuell skriftleg skuleeksamen, 5 timar. Gradert karakter (A - F).
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel