BRL104 Friluftsliv og naturguiding II
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Dette emnet byggjer på Friluftsliv og naturguiding I. Vi vil i dette emnet gi studentane større kjennskap til interpretasjon og guiderolla. Gjennom teoretisk undervisning og praktiske erfaringar vil studentane i aukande grad få ansvar for gjennomføring av sikre turar. Det vil vere fokus på planlegging og formidling av heilskaplege opplevingar kor aktivitetar, natur- og kulturkjennskap inngår.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten skal ha:
- kunnskap om ulike teoretiske perspektiv knytt til guiding og interpretasjon, veiledning og gruppehandtering i naturen.
- kjennskap til risikovurdering, sikkerhet og HMS-rutinar knytt til naturbaserte aktiviteter.
Ferdigheiter
Studenten har:
- grunnleggande ferdigheiter innan friluftsliv i ulike naturmiljø.
- erfaring med bruk av ulike formidlingsteknikkar som naturguide.
- erfaring med å finne fram til og fleksibelt nytte lokal natur- og kulturkjennskap inn i rolla som naturguide.
- praktiske erfaringar med gruppeprosessar og korleis desse verkar inn på læring og opplevingar.
Generell kompetanse
Studenten har/kan:
- kjennskap og erfaringar med norske friluftslivstradisjonar og prinsippet om tur etter evne.
- kjennskap til korleis ein som naturguide kan formidle berekraftig bruk av natur gjennom eigne haldningar og handlingar
- evne til kritisk refleksjon rundt eigen rolle som naturguide og formidlar, og evne til å justere eigen praksis under rettleiing.
- reflektere over samanhengar mellom mestring, samhandling, læring og opplevingar.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Vere forberedt på overnatting ute og kunne bere eige utstyr på ekskursjonar.
Undervisnings- og læringsformer
Ekskursjonar med varigheit frå 1-4 dagar, førelesningar, gruppearbeid og individuelt arbeid. Lærestoffet skal så langt som råd bli integrert og erfart i den praktiske undervisninga. Studentpresentasjonar og evaluering av medstudentar og seg sjølve. Blogg blir brukt i samband med ekskursjonar.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Gjennomføre og bestå ekskursjonane
- Gjennomføre og bestå oppgåve knytt til praktisk formidling for ei gruppe
- Studentane skal levere refleksjonsnotat etter kvar tur
- Eit skriftleg individuelt arbeidskrav. Bestått/ ikkje bestått
- Alle arbeidskrav må være bestått for å gå opp til eksamen. Det blir lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav.
Vurderingsform
Individuell skriftleg heimeeksamen, 4-dager. Gradert karakter (A - F).
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemidler.
Meir om hjelpemiddel