BRL106 Friluftsliv og naturguiding vinter II
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Gjennom teori og ekskursjonar skal studentane tileigne seg grunnleggande kunnskap og erfaring knytt til trygg ferdsel og opphald i naturen vinterstid, ofte med ski på beina. Dette emnet byggjar på Friluftsliv og naturguiging I, og i denne delen held vi oss hovudsakeleg i høgfjellet.
Under ekskursjonane arbeider vi med å skape trivsel i gruppa gjennom gode leir- og ferdselsrutinar. Planlegging og pakking av mat vil være en del av turplanlegginga. Kartforståing, bruk av kompass og enkel bruk av GPS som verktøy med forståing av kartkoordinatar er også sentralt i emnet.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten skal ha:
- kunnskap om formidling av vinterfriluftsliv
- kunnskap om tradisjonelt (nordisk) vinterfriluftsliv i høgfjellet.
- kunnskap om leirliv, mat, ferdselsmønster og rutinar i høgfjellet vinterstid.
- kunnskap om spesielle risikomoment om vinteren i høgfjellet, til dømes kulde og faren for snøskred.
Ferdigheiter
Studenten kan:
- formidle ferdigheter og verdier knyttet til vinterfriluftsliv.
- planlegge og gjennomføre tur etter evne vinterstid i høgfjellet med fokus på læring og trivsel.
- orientere seg i vinterfjellet både ved hjelp av kart, kompass og GPS.
- gjenkjenne skredterreng, og planlegge trygge skiturer.
- bruke relevant utstyr, etablere gode leirplasser, rutiner for god ferdsel.
- overnatte i telt og i snøen som del av ferdsel over fleire dager
Generell kompetanse
Studenten skal:
- kunne vurdere sikkerhet i høgfjellet vinterstid.
- kunne reflektere kritisk rundt korleis ein kan skape gode naturopplevingar for grupper vinterstid.
Krav til forkunnskapar
Gjennomført og bestått emnet BRL105, Friluftsliv og naturguiding vinter 1.
Tilrådde forkunnskapar
Vere forberedt på overnatting ute og kunne bere eige utstyr på ekskursjonar.
Undervisnings- og læringsformer
Noko teori vil bli formidla som førelesningar, men undervisnings og læringsformene i dette emnet vil i stor grad gå føre seg utandørs og knytast til praktisk erfaring.
Blogg blir brukt i samband med ekskursjonar.
I løpet av våren skal studentane gjennomføre ein eigenferd.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Obligatorisk oppmøte til praktisk undervisning
- Gjennomføre og bestå oppgåve knytt til praktisk formidling for ei gruppe vinterstid
- Godkjenning av turplaner og gjennomføring av eigenferd
- Studentane skal levere refleksjonsnotat etter kvar tur
Alle arbeidskrav skal være bestått for å kunne gå opp til eksamen.
Vurderingsform
Individuell, praktisk eksamen, gradert karakter (A - F).
Bokstavkarakter.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen.
Meir om hjelpemiddel