BRL107 Opplevingsutvikling
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Gjennom emnet skal studentane bli kjend med ulike måtar å analysere og forstå opplevingar i reiselivet og få kjennskap til system/ verktøy som kan nyttast til å kvalitetssikre og vidareutvikle salgbare opplevingsprodukt. Ein legg vekt på å presentere teori knytt til produktutvikling og innovasjon, der rammene for utviklingsarbeidet i hovudsak er små og mellomstore opplevingsbedrifter. Empiriske artiklar knytt til utviklings- og innovasjonsprosessar for opplevingsprodukt vert nytta for å gi studentane den nyaste kunnskapen på feltet.Emnet koplar teori og praksis ved at studentane brukar teori inn mot erfaringar frå eigen tre vekers praksis.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om opplevingsøkonomien og om korleis ein kan vurdera ulike opplevingsprodukt
- har kunnskap om korleis ein gjennom innovasjonsprosessar kan utvikle nye opplevingsprodukt innanfor rammene av små og mellomstore verksemder.
- har kjennskap til hemmande og fremmande faktorar knytt til arbeidet med utviklings- og innovasjonsprosessar.
Ferdigheiter
Studenten:
- kan meistre faglege verktøy for vurdering og vidareutvikling av opplevingsprodukt og utvikling av nye opplevingsprodukt.
- kan nytte tilsette, kundar og kundeinformasjon som ein ressurs i forbetrings- og utviklingsarbeid
Generell kompetanse
Studenten:
- kan nytte fagleg kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid på praktiske og problemstillingar.
- kjenner til og har erfaring med arbeid med innovasjonsprosessar gjennom vidareutvikling av opplevingsprodukt i små- og mellomstore verksemder.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Emnet bygger på emna Reiselivskunnskap, Organisasjonsteori, Marknadsføring og Storytelling og erfaringsbasert marknadsføring
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, gruppearbeid, praksis og seminar
Obligatorisk læringsaktivitet
Arbeidskravet er knytt til praksis i slutten av fjerde semester. Studentane skal ut i tre vekers praksis i ei reiselivsverksemd som tilbyr opplevingsprodukt. Arbeidskravet inneheld praksisseminar i førekant av praksis, tre veker praksis og etterfylgjande praksisrapport. Arbeidskravet vert vurdert ut i frå greidd/ ikkje greidd.
Vurderingsform
Skriftleg individuell oppgåve, vurdert frå A-F. Oppgåva tel 40% av karakteren
Skriftleg 4-timars skuleeksamen, vurdert frå A-F. Tel 60% av karakteren.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ved innlevering av skriftleg individuell oppgåve er alle skriftlege kjelder tillatt.
Ved skriftleg skuleeksamen er ingen hjelpemiddel tillatt
Meir om hjelpemiddel