Hopp til innhald

BUB1 Berekraftig utvikling gjennom barns medverknad

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Berekraftig utvikling er sett på som nødvendig for framtida til menneske. Praksisen i barnehagen skal byggje på verdiar som menneskeverd, åndsfridom, nestekjærleik, solidaritet, demokrati, menneskerett, økologisk ansvar, tradisjon og framtid, kulturarv og mangfald, kritisk tenking og etisk handling. Disse verdiane speglar demokratisk, økonomisk, sosial/kulturell og økologisk berekraft, som er rekna som dei fire grunnpilarane i berekraftig utvikling. Studiet handlar om å myndiggjere barna til å bidra til berekraftig utvikling. Dette oppnår vi ved å arbeide med økologiske perspektiv og ved å forstå barnehagen som ein arena der barn med ulike sosiale, økonomiske, etniske og kulturelle bakgrunnar møtes, og blir ein del av eit større og annleis fellesskap enn i heimen.

Studiet skal kvalifisere studentane til å vere medskaparar av eit likeverdig fellesskap av ulike menneske, gjennom å ha brei kunnskap om barna sine rettar, og kva som kjenneteiknar eit inkluderande, jamstilt, helsefremmande og lærande barnehagemiljø. Studiet viser til ulike måtar å arbeide med økologisk, økonomisk, sosial/kulturell og demokratisk berekraft i barnehagen.

Studiet vil fokusere på korleis ein kan setje i gang endringsprosessar i samspel med barn i barnehagen sin konkrete kontekst. Paradoks i praksisen til barnehagen knytt til berekraftig utvikling vil ha ein sentral plass i undervisninga. Undervisninga vil bli organisert i tema rundt ulike paradoks og knytt til berekraftig utvikling som: individ og fellesskap, individualitet og solidaritet, fridom og ansvar, medverknad og disiplinering, lokal og global, i-land og u-land, kjønnsulikheiter i eit "jamstilt" samfunn, økonomi og verdi, kultur og natur, stabilitet og endring, harmoni og kritisk haldning, haldning og handling, avmakt og myndiggjering, og vaksenstyrt og barneinitiert læring. Endringsprosessane skal fremme berekraftig utvikling i tråd med verdiane i rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studentane skal ha utvida kunnskap om

  • omgrepet berekraftig utvikling og paradoks rundt omgrepet
  • viktigheiten av at barn erfarer den gjensidige avhengigheiten mellom menneske og natur
  • samanhengane mellom lokale og globale fellesskap og arbeid med berekraftig utvikling
  • barneperspektiv på verdiar som økonomisk berekraft
  • fagleg relevant innhald for barnehagen innan dei fire perspektiva for berekraftig utvikling
  • barneborgarar som endringsagentar
  • barn sine deltakings- og kommunikasjonsformer, uavhengig av alder og funksjonsnivå
  • makt i økologiske, fysiske og sosiale relasjonar
  • profesjonstenking som kvalifisering, sosialisering og subjektivering i møte mellom barn og barnehagelærar
  • politiske og ideologiske utfordringar for barnehagelærarprofesjonen

Ferdigheiter

Studentane kan

  • leie arbeid i barnehagen i samsvar med ulike innspel frå barn, både verbale og kroppslege
  • sjå, tolke og støtte barn i å vere medskaparar av fellesskap i barnehagen,
  • identifisere paradoks og utfordringar knytt til dei fire pilarane i berekraftig utvikling, i den daglege praksisen
  • oppdage vilkår, situasjonar eller fenomen i barnehagen som nyttast i arbeid for berekraftig utvikling
  • gjennomføre filosofiske samtalar i samband med berekraftig utvikling
  • bruke ulike verktøy for å fremme berekraftig utvikling
  • møte krav til barnehagen/barnehageprofesjonen ut frå eigen ståstad og faglege vurderingar
  • møte barn, føresette og kollegaer i ulike (og også uventa) samanhengar

Generell kompetanse

Studentane

  • reflekterer over eige bidrag i samspel med ulike barn og anna personale
  • ser barn og barnehagen i lokal og global kontekst
  • kan planlegge, leie og evaluere tverrfaglege prosjekt- og utviklingsarbeid
  • ser demokratisk deltaking som relasjonell, prosessuell og kontekstuell
  • har medvit om maktperspektiv
  • har sjølvstendig, kritisk og reflektert forståing for barnehageprofesjonen si særstilling og utfordringar i dagens samfunn

Undervisnings- og læringsformer

Berekraftig utvikling gjennom barns medverknad er eit nytt tema i barnehagelærarutdanninga og pensumlitteraturen vil berre delvis dekke dei aktuelle tema. Undervisningsøktene vil difor være direkte relevante for eksamen. Deler av undervisinga er lagt opp som arbeid i studiegrupper, og det er forventa at studentane er til stades i undervisinga. Undervisinga vil veksle mellom einfaglege og tverrfaglege forelesingar, faglege samtalar, studentframlegg, gruppearbeid, sjølvstudium, prosjektarbeid, rettleiing og praksis i 2 veker.

Obligatorisk læringsaktivitet

For å kunne gå opp til eksamen må studentane ha ferdigstilt 9 ulike arbeidskrav, der 5 er i gruppe og 4 er individuelle (spesifisert ved semesteroppstart). Det vil vere krav om frammøte knytt til nokon av dei obligatoriske læringsaktivitetane. Studentar som ikkje får godkjend arbeidskrava får ein (1) ny moglegheit for å levere same semester. Ny innlevering må vere godkjend seinast 3 veker før eksamen.

Alle obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende for å få gjennomført og vurdert eksamen. Arbeidskrava kvalifiserer til eksamen så lenge vurderingsforma skildra under vert oppretthalden.

Vurderingsform

Individuell munnleg eksamen, 30 minutter.

Det er ein todelt individuell munnleg eksamen, der første del er knytt til prosjektarbeidet. Andre del er ei generell eksaminasjon knytt til hele emnet. Det blir gitt ein samla karakter der dei to delane blir vekta likt.

Tid og stad for eksamen vert annonsert på Canvas.

Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Personlege notatar

Meir om hjelpemiddel