Hopp til innhald

FE405 Grunnleggende energikonsepter

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhold og oppbygning

Emnet gir ei brei innføring i teknologi og teknologiutvikling. I tillegg til å introdusere ulike energikjelder og -teknologiar, fokuserer emnet på å forklare teknologiutvikling som forankra i samfunnsmessige forhold. Emnet går slik inn på tema knytt til føresetnader og moglegheiter for innovasjon, utvikling og omstilling av teknologi. Emnet introduserer også det globale og det nasjonale energisystemet, ressursgrunnlag og utviklingstrekk. Særleg fokus er på samanhengar mellom teknologi og samfunn og korleis ein kan forstå og analysere innovasjon og utvikling av energiteknologi som samspel mellom teknologiske og ikkje-teknologiske faktorar, eksempelvis rammebetingelsar for teknologiutvikling, næringsutvikling og politikk.

Læringsutbytte

Hovudmålet med emnet er å introdusere innovasjon og teknologiutvikling frå eit breitt perspektiv samt å gi studentane ei grunnleggande forståing av sentrale fornybare energiformer og -teknologiar. I tillegg vert samspelet mellom teknologi og samfunn og korleis energibruk og -teknologi er påverka av ulike ikkje-teknologiske forhold vektlagt

Kunnskap

 

  • Kunnskap om sentrale energikjelder og -teknologiar
  • Kunnskap om innovasjon og teknologiutvikling, og særleg fornybar teknologiutvikling frå eit breitt perspektiv
  • Kunnskap om samspelet mellom teknologi og samfunn
  • Kunnskap om global og nasjonal energiproduksjon og bruk
  • Kunnskap om ressursgrunnlaget for ulike energiteknologiar
  • Kunnskap om korleis ein kan analysere og forstå utvikling av (nye) fornybare energiteknologiar og energisystemet

Ferdigheiter

  • Studenten skal kunne gjere greie for utvikling av sentrale energiteknologiar og kunne sjå desse i samanheng med samfunnsmessige forhold.

Kompetanse

  • Sjå samanhengar mellom samfunnsmessige og teknologiske utviklingstrekk
  • Vurdere fortidig, notidig og mogleg framtidige endringar i energisystemet og produksjonsteknologiar

Krav til forkunnskaper

Nei

Anbefalte forkunnskaper

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar (fysisk og digitalt), gjesteforelesingar, gruppearbeid.

Obligatorisk læringsaktivitet

1-2 skriftlege individuelle innleveringar

Vurderingsform

Skriftlig eksamen 4 timer. Bokstavkarakter A-F.

Hjelpemidler ved eksamen

Ingen.

Mer om hjelpemidler