FHS8203 Rettleiing teori og praksis
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Emnet gjev inngåande innsikt i rettleiing som fagfelt. Studentane får kunnskap om rettleiing gjennom arbeid med teori, metodar og praktisk øving. Emnet har relevans for rettleiing av studentar i praksis i helse- og sosialfagutdanningar, og for rettleiing av kollega, pasientar, brukarar, klientar og andre.
Undervisninga vil ta utgangspunkt i sentrale rettleiingsmetodar, teknikkar og strategiar i eklektisk rettleiing, der pedagogisk, systemisk og gestalt-perspektiv spelar sentrale roller. Sentrale tema frå innførings- og påbyggingsemna vil bli vidareført. Studiet legg særleg vekt på at studentane utviklar eigen relasjonskompetanse ved å vere oppmerksom på og vurdere kritisk eiga evne til kommunikasjon og refleksjon. Tilhøvet mellom makt, etikk og rettleiing er sentralt i emnet.
Emnet byggjer på emna FHS8201 og FHS8202. Eksamen i FHS8202 kan vere utgangspunkt for plan for praksis. Praksis i emnet utgjer 40 timar totalt, der 20 av timane blir organisert av studenten, fortrinnsvis på eigen arbeidsplass, der studenten rettleiier andre individuelt og/eller i gruppe. Dei 20 neste timane får studenten rettleiing i gruppe saman med mestudentar, med lærar som rettleiar.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Studenten
- har inngåande kunnskap om dei viktigaste teoriar, etiske prinsipp og metodar i rettleiing
- har inngåande kunnskap om rettleiar si rolle i individuell rettleiing og grupperettleiing
- har inngåande kunnskap om å planleggje og gjennomføre eit rettleiingsløp
- har inngåande kunnskap om makttilhøve og etiske utfordringar i rettleiingssituasjonar
- har inngåande kunnskap om kva rolle rettleiing kan spele i eit praksisfellesskap
- har inngåande kunnskap aktuell forsking
Ferdigheiter
Studenten
- kan planlegge, gjennomføre, analysere og vurdere ein rettleiingssituasjon / prosess
- legg til rette for dialog og samhandling i individuell rettleiing og grupperettleiing
- kan vurdere og bruke aktuelle rettleiingsmetodar til ulike rettleiingssituasjoner
- kan vurdere makttilhøva i rettleiingssituasjon
- kan reflektere kritisk over eiga rolle som rettleiar
Generell kompetanse
Studenten
- kan kritisk vurdere ulike rettleiingsteoriar opp mot kvarandre
- kan analysere, vurdere, grunngje og gjere greie for rettleiing som fag og praksis
- kan identifisere aktuelle tema for rettleiing
- kan reflektere kritisk over og analysere eiga rolle i rettleiing
- kan identifisere og vurdere etiske dilemma i rettleiing
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
FHS8201 og FHS8202
Undervisnings- og læringsformer
Forelesing, studentaktive læringsformer, øving i grupper, kollokviegrupper, praksis inkludert veiledning på veiledning
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:
Arbeidskrav 1: Tilstades på tre undervisningssamlingar à tre dagar.
Arbeidskrav 2: Etter første samling: skrive ei teoretisk oppgåve på max 2000 ord, om sentralt tema i rettleiing /sentrale prinsipp i eit rettleiingsløp - med medstudentrespons på tredje samling.
Arbeidskrav 3: Etter andre samling: ta opptak av rettleiing frå praksis - transkribere opptaket som skal vere anonymisert og frivillig. (5-10 minutt transkribert tekst presenterast i gruppe der det blir gitt medstudentrespons og lærarrespons) Dette arbeidskravet er utgangspunkt for skriftleg eksamen.
Vurderingsform
Vurderingsform
Eksamen er ei skriftleg oppgåve med utgangspunkt i arbeidskrav, på max 3500 ord.
Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A-F
Ny eksamen
Ved ikke bestått leverer studenten bearbeidet, skriftlig besvarelse til ny eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel