Hopp til innhald

FK211 Matematikk

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Vert undervist med 13 timar i veka. Aritmetikk og algebra Mengdelære, likningar og ulikskapar Generell geometri Trigonometri Funksjonar Grenseverdiar og kontinuitet Derivasjon Trigonometriske funksjonar Eksponential- og logaritmefunkjsonar Vektorar Integrasjon Differensiallikningar Rekkjer Sannsynsrekning Kombinatorikk Bruk av Geogebra

Læringsutbytte

Med bestått eksamen/vurdering i faget skal kandidaten ha følgjande samla læringsutbyte definert i form av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • har grunnleggjande kunnskap om matematikk som fundament for dagens teknologiske samfunn.
  • har kunnskap om matematiske tema som er grunnleggjande for teknologiske fag.
  •  kjenner til faget sine sentrale metodar og kan definere og forklare dei viktigaste omgrepa i geometri, algebra, funksjonar og differensiallikningar
  • kjenner til faget sine sentrale metodar relatert til kombinatorikk og sannsynsrekning og kan definere og forklare desse.
  • Kandidaten har grunnleggjande kunnskap om bruk av digitale verktøy til utrekningar og visualisering.

 

Ferdigheiter

Kandidaten

  • har solide rekneferdigheiter i algebra og det generelle grunnlaget i matematikk til å kunne fortsette på ingeniørutdanning eller integrert master i teknologi.
  • kan løyse problem innanfor hovudområda geometri, algebra, funksjonar, differensiallikningar og sannsynsrekning.
  • kan bruke regneferdigheiter i matematikk på problemstillingar frå fysikk.
  • kan uttrykkje seg presist ved bruk av matematisk notasjon.

 

Generell kompetanse

Kandidaten

  • har evne til abstrakt tenking og forståing for korleis logisk og analytisk tankegang blir brukt innan matematikkfaget.
  • kan reflektere over mulege bruksområde for dei ulike hovudområda i emnet.
  •  kan kommunisere med andre om realfaglege problemstillingar ved å nytte matematiske omgrep og storleikar.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og oppgåveløysing individuelt og i grupper

Obligatorisk læringsaktivitet

Ingen

Vurderingsform

Mappe (vekt 40%, 2 innleveringar, 4 prøvar på 2 timar, 2 heildagsprøvar).

Skriftleg eksamen, 5t ( vekt 60%). Begge delar må vere greidd for at emnet skal vere greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

 Enkel kalkulator med grafisk display, formelsamling.

Meir om hjelpemiddel