Hopp til innhald

GE408 Mineralogi og petrografi

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Emnet gir ei innføring i krystallografi, og går meir detaljert inn på mineralstruktur og mineralkjemi. Emnet tar for seg systematisk mineralogi og mineralgenese, dei fysiske eigeskap til mineral og korleis ein nyttar desse til systematisk mineralidentifikasjon. Petrografidelen set fokus på mineralogisk klassifikasjon av magmatiske og metamorfe bergartar, ein mineralogisk/kjemisk klassifikasjon av magmatiske bergartar, samt ein klassifikasjon av dei vanlegaste sedimentære bergartar. Spesiell vekt leggjast på samansetjing og identifikasjon av bergartane som finnast i regionen Sogn og Fjordane i Vestland fylket, makroskopisk ved hjelp av handstykker og lupe, og mikroskopisk ved tynnslip.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studentane skal (a) kunne beskrive og identifisere vanleg førekommande mineral og bergartar i handstykke, (b) kjenne til ulike identifikasjonsmetodar for mineral og bergartar, (c) ha kunnskap om danning og førekomst av mineral og bergartar, og (d) kunne utføre mineralogisk klassifikasjon av bergartar.

Ferdigheter

Studentane skal kunne foreta ein sjølvstendig bestemmelse av bergartar og mineral i felt og være i stand til å bekrefte sin feltanalyse ved makroskopiske og mikroskopiske undersøkelser i laboratoriet.

Generell kompetanse

Studentane skal ha tilstrekkeleg kunnskap om mineral og bergartar for raskt å kunne bygge opp kompetanse i ein jobbsituasjon innanfor bergarts- og mineralorienterte arbeidsplassar, og for å kunne gjennomføre ein første identifikasjon av mineral og bergartar i felt og laboratorium..

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Emnet bygger på GE406 Geologi grunnkurs

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, øvingar og to dagar ekskursjon

Obligatorisk læringsaktivitet

Obligatoriske journal frå øvingane. Obligatorisk feltjournal frå ekskursjonen (gruppearbeid) eller gruppevis presentasjon av de enkelte ekskursjonsmål i felt.

Vurderingsform

Skriftleg eksamen, 4 timar. Bokstavkarakter A-F.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ikkje-programmerbar lommekalkulator, fargeblyantar, linjal, viskelær.

Meir om hjelpemiddel