GE413 Kartlære og GIS
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Emnet startar med ei innføring i kartgeometri, grunnlag for kartkonstruksjon og kartprojeksjonar. Dette inkluderer 3 øvingar som dekker praktisk bruk av kart og kompass samt grunnleggande leseferdigheter og informasjonssøk i både analoge og digitale kart. I GIS-delen får studentane ei grundig innføring i grunnleggande komponentar i vektor- og rasterbasert GIS, og kva det kan nyttast til. Relevante problemstillingar innan naturfag og planlegging, som temakart og analyse av romlige variasjonar vil bli vektlagd. Studentar får opplæring i bruk av online kartressursar og av fysiske data. 8 av tilsamen 11 øvingar vil bli gjennomført i programvaren QGIS.
Læringsutbytte
Kunnskap
- ha grunleggjande kunnskap om topografiske og tematiske kart, kartprojeksjonar og koordinatsystem
- ha kjennskap til prinsippene for geografiske informasjonssystemar (GIS)
- ha oversikt over analysemuligheiter ved bruk av geografiske informasjonssystemar (GIS)
Ferdigheiter
- kunne bruke kart og kompass
- kunne bruke online GIS-ressursar
- kunne gjennomføre feltregistreringar ved hjelp av GPS og apper på mobil, og i tillegg overføre slike data til digitale kart (QGIS)
- kunne lage og bearbeide digitale kart i QGIS
- kunne utføre nokon vanlege analyser i QGIS
Generell kompetanse
- forstå og vite korleis ein kan nytte GIS i aktuelle problemstillingar i kartlegging, fysisk planlegging og analyser
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Basiskunnskapar i bruk av PC og filbehandling
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, obligatoriske øvingar og 1 dagsekskursjon.
Obligatorisk læringsaktivitet
11/ 11 godkjende øvingar
Deltakelse på feltekskursjon
Vurderingsform
Deleksamen 1: Heimeeksamen i grupper (40%) Deleksamen 2: Skriftleg eksamen (60% vekt). Bokstavkarakter A-F.
Kvar enkelt deleksamen må vere greidd for å oppnå greidd resultat i emnet. Dersom deleksamen og dermed endeleg karakter ikkje er greidd kan ein ta opp att berre den deleksamenen som er ikkje greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Del 1: Alle hjelpemidlar er tillatt.
Del 2: Linjal er tillatt som hjelpemiddel.
Meir om hjelpemiddel