Hopp til innhald

ID3-101 Bevegelseslære, anatomi, motorisk læring

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Emnet inneheld bevegelseslære, anatomi og motorisk læring som fokuserer på basiskunnskap i dei ulike områda. Samla sett skal teoretisk og praktisk undervisning gi grunnlag for å kunne vurdere ulike bevegelsesløysingar, gi praktisk forståing av motorisk kompetanse som førestnad for deltaking i fysisk aktivitet samt forstå dynamisk systemteori.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • kan beskrive oppbyggingen av kroppen sine musklar og skjelett 
  • kjenner til muskel- og skjelettsystemet sin funksjon ved bevegelse
  • har kunnskap om grunnleggande teori, metode og omgrep innan motorisk åtferd
  • har kunnskap om motorisk utvikling og læring

Ferdigheiter

Studenten 

  • kan beskrive bevegelse relatert til funksjonell anatomi
  • kan forklare korleis ulike krefter verkar inn på grunnleggande bevegelsesmønster
  • kan utføre enkle bevegelsesanalysar av utvalgte idrettslege bevegelsar
  • kan gjere greie for sentrale omgrep innan emnet motorikk og motorisk læring 

Generell kompetanse

Studenten

  • har kunnskap om mennesket sin anatomiske oppbygning
  • kjenner til og bruker sentrale mekaniske prinsipp og omgrep til å gjere analysar av grunnleggande bevegelsemønster
  • kan forstå grunnleggande prinsipp for motorisk utvikling og læring 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen 

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, gruppe- og individuelt arbeid. Emnet blir gjennomført med ei blanding av teoretiske og praktiske timar. Obligatoriske læringsaktivitetar vert gitt oversikt over ved studiestart.

Obligatorisk læringsaktivitet

Anatomi/Bevegelseslære:

  • Ei praktiske undervisningsøkt i sal
  • Ein kafedialog

Motorisk læring: 

  • To praktiske undervisningsøkter i sal

 

For begge emna gjeld obligatorisk oppmøte og arbeidsoppgåver knytta til undervisninga i sal

Vurderingsform

Vårsemesteret: Anatomi og bevegelseslære: Skriftleg, individuell eksamen med gradert karakter (A-F). Eksamenstid 3 timar. Vekting 50%.

Vårsemesteret: Motorisk læring: Skriftleg, individuell eksamen med gradert karakter (A-F). Eksamenstid 3 timar. Vekting 50%.

Kvar eksamen blir vurdert med karakteren A-F. Dei to karakterane blir slått saman til ein karakter. Begge eksamenane må vera bestått. Dersom strykkarakter (F) på ein av eksamenane, treng berre denne eine takast opp att.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel