Hopp til innhald

ID3-104 Aktivitetslære

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Aktivitetslære blir lagt opp som konsentrerte kurs. I desse kursa vil det metodiske stå sentralt saman med eigen kroppsleg erfaring og utvikling av eigenferdigheit. Det blir kurs i lagidrettar, individuelle idrettar, friluftsliv, dans, symjing m/livberging, samt andre aktivitetsformer.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • kan forklare og bruke sentrale reglar, retningslinjer og fagterminologiar i aktivitetane
  • har kunnskap i høve planlegging, organisering, tilrettelegging og rettleiing på ulike ferdigheitsnivå

Ferdigheiter

Studenten

  • kan øve på og syne sentrale ferdigheiter i aktivitetane
  • kan vise ferdigheit i høve planlegging, organisering, tilrettelegging og rettleiing på ulike ferdigheitsnivå

Generell kompetanse

Studenten

  • kan forklare, observere, analysere og vurdere tekniske, taktiske og didaktiske element i aktivitetane
  • kan delta i samhandling med andre og arbeide sjølvstendig med aktivitetane

Krav til forkunnskapar

Ingen 

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Det er hovudsakleg praktisk undervisning i grupper der teoretisk kunnskap blir integrert, men i einskilde kurs er det og teoritimar. Andre læringsformer vil vere knytt til arbeidsoppgåver i gruppe og individuelt. Emnets eigenart krev deltaking i undervisninga for å oppnå læringsutbytte. Obligatoriske læringsaktivitetar vert gitt oversikt over ved studiestart.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Emnet består av praktiske kurs som innheld obligatoriske læringsaktivitetar. Det er obligatorisk frammøte til denne undervisninga
  • Obligatorisk deltaking som subjekt i gjennomføring av praktisk-metodisk eksamen 
  • Praktisk prøve i livberging i vatn/HLR
  • Ei individuell skriftlig oppgåve 

I samband med skikurs i alpin må studentar ved HVL vere førebudd på å betale eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatoriske arbeidskrav.

Vurderingsform

Individuell skriftleg eksamen. Tid: Tre timar. Vekting: 40%

Individuell praktisk eksamen. Vekting: 60%

Kvar eksamen blir vurdert med karakteren A-F. Dei to karakterane blir slått saman til ein karakter. Begge eksamenane må vera bestått. Dersom strykkarakter (F) på ein av eksamenane, treng berre denne eine takast opp att.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel