ID3-218 Idrettsfordjuping
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Idrettsfordjuping tek opp emne som arbeidskrav- og kapasitetsanalyse, prestasjonsbestemmande faktorar i ulike idrettar, treningsprinsipp, testing av uthald, styrke, hurtigheit og spenst samt evaluering og justering av treningsmetodar for styrke, uthald, spenst og hurtigheit. Studentane skal velje idrett der studentane skal fordjupe seg i dei fysiske parameterane, utvikle testbatteri, lage og gjennomføre øktplanar og evaluere prestasjonsbestemmande faktorar for valt idrett. Idrettsfordjuping er tverrfagleg med treningslære og humanfysiologi som støttefag. Emnet skal kombinere praktisk aktivitet med teoretisk undervisning. Undervisninga er delt i fire delar. Del 1 uthald, del 2 styrke, spenst og hurtigheit og del 3 testing har fellesundervisning for alle studentane. I del 4 vel studentane ein idrett der dei fordjupar seg i dei fysiske krava til idretten. Studentane som har valt trenarutdanning i fotball i bachelorløpet, må velje fotball som valt idrett. Studentane organiserast i mindre grupper ut frå valt idrett med undervisning i sin idrett.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om ulike treningsmetodar og effekten av dei for uthald, styrke, hurtigheit og spenst
- har kunnskap om korleis å gjennomføre og tolke arbeids- og kapasitetsanalyse for valt idrett
Ferdigheiter
Studenten
- kan forklare fysiske prestasjonsbestemmande faktorar for ulike idrettar
- kan forklare fysiologiske adapsjonar til ulike treningsmetodar
Generell kompetanse
Studenten
- kan gjennomføre og evaluere idrettsspesifikke testar for ulike idrettsgreiner
- kan utvikle, gjennomføre, evaluere og tilpasse idrettsspesifikke treningsøkter for å betre dei fysiske krava til ulike idrettsgreiner
Krav til forkunnskapar
Fullført første år av bachelorgraden Idrett og kroppsøving, årsstudium idrett eller tilsvarande.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er teoretisk og praktisk timer, og praksis innretta med førelesningar og individuelt arbeid, samt obligatoriske læringsaktivitetar knytt til gruppearbeid, framleggings- og innleveringsoppgåver, praktiske timar og for at studentane kan ta ei aktiv rolle i læringsprosessen. Praksis er 10 timar individuell punktpraksis med idrettsutøvar.
Obligatorisk læringsaktivitet
For å ha rett til å ta eksamen må alle arbeidskrava vera godkjent. Det er obligatorisk frammøte og krav om aktiv deltaking frå studenten i undervisning med obligatoriske læringsaktivitetar. Disse læringsaktivitetane er knytt opp mot læringsutbytte om at studenten kan utvikle, gjennomføre, evaluere og tilpasse idrettsspesifikke treningsøkter for å betre dei fysiske krava til ulike idrettsgreiner.
- Fire godkjente individuelle skriftlege arbeidskrav
- Godkjent praksis og praksislogg
For studentar som har valt trenarutdanning i fotball, vil to av fire arbeidskrav vere retta mot fotballfeltet.
Vurderingsform
Munnleg eksamen. Gradert karakter (A - F), der F er ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel