ID3-222 Førebyggande fysisk aktivitet
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Emnet skal gjennom teoretiske forelesningar, praktiske timar, gruppearbeid, praktiske kurs og praksis gje ein introduksjon til feltet førebyggande fysisk aktivitet/aktivitetsmedisin.
Studentane skal ved avslutta emne vite korleis ein ved bruk av fysisk aktivitet kan førebygge og fremme helse generelt, men spesielt med tanke på førebygging og behandling av psykiske lidelsar, metabolske lidelsar, kreft, lungelidelsar, smertetilstandar og spiseforstyrringar.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om aktuelle livsstilssjukdommar
- har kunnskap om kommunikasjonsverktøy til gjennomføring av motiverande intervju
- har kunnskap om korleis fysisk aktivitet kan brukast som primær, sekundær og tertiær førebygging for dei einskilde livsstilssjukdommane
- har innsikt i forskinga som ligg til grunn for val av treningsmetodar, aktivitetstypar og dosering av aktivitet innanfor dei aktuelle sjukdommane
Ferdigheiter
Studenten
- kan planlegge, tilrettelegge og gjennomføre fysisk aktivitet for personar ulike sjukdommar og lidingar
- kan rettleie i endring av vaner og kan gjøre seg nytte av metoden motiverande intervju
- kjenner til og kan gjennomføre helseprofilvurdering og lungelab
Generell kompetanse
Studenten
- har grunnleggande forståing for samanhengane mellom fysisk aktivitet og helse i befolkningen, spesielt opp mot livsstilsrelaterte diagnosar
- har erfaring med praktisk arbeid på innan førebygging, behandling og rehabilitering
Krav til forkunnskapar
Fullført første år av bachelorgraden Idrett, fysisk aktivitet og helse, årsstudium idrett, årsstudium PT eller tilsvarande.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er teoretisk og praktisk innretta med førelesningar og individuelt arbeid. Det vert lagt opp til obligatoriske læringsaktivitetar knytt til gruppearbeid, praktiske økter i treningsstudio, treningssal, utandørs og i laboratorium, praksis, førelesingar frå praksisfeltet/pasienterfaringar samt framleggings- og innleveringsoppgåver for at studentane kan ta ei aktiv rolle i læringsprosessen.
Det er to praksisperiodar i emnet:
a) Tre veker samanhengande yrkespraksis innan førebygging, behandling eller rehabilitering
b) Treningssenterpraksis med fokus på instruktørrolla, arbeidsmengde tilsvarande ei veke
Obligatorisk læringsaktivitet
For å ha rett til å ta eksamen må alle arbeidskrava vera godkjent. Det er obligatorisk frammøte og krav om aktiv deltaking frå studenten i undervisning med obligatoriske læringsaktivitetar som gruppearbeid og -framlegging, laboratorieøvingar, førelesingar frå praksisfeltet/pasienterfaringar, praktiske timar og praksis. Disse læringsaktivitetane er knytt opp mot læringsutbytte om å kunne vise grunnleggande forståing for samanhengane mellom fysisk aktivitet og helse i befolkninga, kunne planlegge, tilrettelegge og gjennomføre fysisk aktivitet for personar ulike sjukdommar og lidingar, og å kunne gjennomføre ulike typer labtestar.
- For yrkespraksis er det krav om godkjent praksis, praksisrapport og deltaking på praksisseminar
- For treningssenterpraksis er det krav om godkjent praksis, gruppeoppgåver og eit individuelt arbeid
- Godkjent labkurs og labrapport
Vurderingsform
Munnleg, individuell eksamen, med gradert karakter (A-F), der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen.
Meir om hjelpemiddel