Hopp til innhald

ID3-302 Forskingsmetode og bacheloroppgåve i idrett, fysisk aktivitet og helse

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Emnet inneheld vitskapsteori, forskingsmetode og oppgåveskriving. Emnet startar med å gi studenten ei innføring i prosessen bak eit vitskapeleg arbeid, før studenten sjølv skal gjennomføre ein forskningsprosess og utarbeide ei skriftleg oppgåve. Studenten har tilgang til rettleiing i prosessen.

Læringsutbytte

Etter avslutta bacheloroppgåve skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om forskingstradisjonar og datainnsamlingsmetodar
  • har kunnskap om metodar for å gjennomføre systematisk og målretta forskingsrelatert arbeid
  • har kunnskap til å kritisk vurdere vitskapeleg litteratur som er relevant for ei problemstilling

Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjennomføre systematisk og målretta forskingsrelatert arbeid
  • kan gjere litteratursøk og kritisk vurdere vitskapelig litteratur som er relevant for ei problemstilling
  • kan behandle, analysere og tolke data  

Generell kompetanse 

Studenten

  • kan gjennomføre ein forskingsprosess og utarbeide ei skriftlig oppgåve

Krav til forkunnskapar

Fullført 90 sp frå bachelor Idrett, fysisk aktivitet og helse, bachelor Idrett og kroppsøving, bacheor Friluftsliv eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er organisert som førelesningar, individuelt- og gruppearbeid, samt obligatoriske læringsaktivitetar knytt til framleggings- og innleveringsoppgåver som skal stimulere til større eigenaktivitet og eigenlæring. Primært skal to studentar arbeide saman om bacheloroppgåva.

Biblioteket underviser i søking i fagretta databasar og kritisk bruk av litteratur og kjelder.

Obligatorisk læringsaktivitet

For å ha rett til å ta eksamen må alle arbeidskrava vera godkjent. Det er obligatorisk frammøte og krav om aktiv deltaking frå studenten i undervisning med obligatoriske læringsaktivitetar.  Disse læringsaktivitetane er knytt opp mot læringsutbytte vedrørande å kunne gjennomføre ein forskingsprosess og utarbeide ei skriftlig oppgåve

  • Godkjent prosjektskisse
  • Godkjent skriftleg metodearbeid
  • Godkjent presentasjon og deltaking på Work in Progress (WIP)-seminar

Vurderingsform

Skriftleg bacheloroppgåve i Idrett, fysisk aktivitet og helse, gruppeoppgåve, gradert karakter (A - F).

Ein student som har fått bacheloroppgåva si vurdert til ikkje bestått, kan levere forbetra versjon til sensur i løpet av påfølgande semester. Det er berre mogleg å levere forbetra versjon ein gong. Det er ikkje høve til å forbetre karakter på ei bestått bacheloroppgåve innanfor same studieprogram. Unntak kan gjerast dersom studenten skriv ny oppgåve med ny problemstilling.